Fredag 12. oktober skein sola over bygda og gradestokken synte mest 20 grader. Ei flott ramme for dåp av 2 nye båtar hjå Osland Havbruk.

Næringa utviklar seg, og vi treng stadig utviding og oppgradering av produksjonsutstyr, slik at vi kan sikre produksjonen og ha god biologisk kontroll. Med to nybygde båtar er vi godt rusta for framtida.

Bjordal og Cornelia til kai på Osland

«Bjordal» og «Cornelia» til kai på Osland

«Cornelia»

«Cornelia», levert av Moen Marin, er ein arbeidsbåt på 13,5 meter lengde og er 7,5 meter brei. Båten er rigga med kran som løfter 1 tonn på 31 meter lengde, og med ei maskin på 380 hk som gir ein marsjfart på 13,8 knop. Denne båten skal driftast av Osland Stamfisk og vil bli lokalisert i Sandeidfjord i Rogaland.

Namnet Cornelia tyder ansett/velansett. Gudmor Cornelia Øren Osland, som er fjerde generasjon Osland Havbruk, ynskte båt og mannskap hell og lykke på alle hav.

Osland Havbruk sin nye båt

«Cornelia» på veg ut Fuglsetfjorden

«Bjordal»

«Bjordal», bygd i Tyrkia i samarbeid med Norse Ship building. Dette er ein ny generasjon båt for Osland Havbruk. Ein arbeids-/sørvisbåt med stort arbeidsdekk, lugar og opphaldsrom med alle fasilitetar for mannskapet. Båten er 14,98 meter lang, 10,5 meter brei. To kraner, høvesvis 77 tonnmeter og 18 tonnmeter, to maskiner på 490 hester kvar. Båten er bygd i stål og er og rigga for ankehandtering.

Namnet Bjordal er historisk og har vore brukt i tidlegare tider på ein båt som var viktig for bygdene i kommunen. Gudmor Marta Brekke døypte båten og ynskte hell og lukke for mannskap og selskap.