Er du født 2. mars 1969, ja då blir du 50 år i dag. Gratulerer med dagen Erik, veit at du ikkje ynskjer merksemd rundt at du er halveges til hundre.

Erik kan vel sjåast på litt som odelsguten som skulle overta heimegarden. Han var ikkje eldst, Anne er storesysta og Jan Arne er vetlebroren. Vi høyrer jo til den generasjonen då den nye odelslova nett var innført, og det låg nok litt i foreldregenerasjonen at det var eldste guten som som skulle overta.

Etter gymnaset i Høyanger reiste Erik til Måløy Vidaregåande skule, akvakulturlinja, og vidare til Haugesund Maritime Høgskole der han studerte drift og leiing.

Erik kom heim til bygda og tok til på jobben med å vidareutvikle familiebedrifta på sin måte. Det var ikkje akkurat beint fram i ei fersk næring som og var inne i ei tid prega av usikker økonomi, biologiske utfordringar og stadig nye myndigheitskrav.

Vil påstå at du har fått det til Erik, og det er vi takksame og stolt av, ikkje berre vi som jobbar i Oslandsystemet, men heile bygda og kommunen.

I jubileumsboka «jakten på det Sølvblanke gullet» som kom ut i 2012 hadde Erik eit uttalt mål om at i 2020 skulle Osland Havbruk og tilknytta dotterselskap ha 14 nye tilsette, den slo inn med god margin.

Det er lov å skryte litt av sjefen når han blir 50. Vi er inne i ei fantastisk tid i Team Osland takka vere din uredde guteaktive iver og vilje til å ta oss vidare. Investeringar som kan ta pusten av ein kvar blåruss i spisse sko.

Gratulerer med dagen Erik, vi set stor pris på deg, både som sjef, kamerat og ein av oss!