Vi arbeider kontinuerleg for å oppnå bærekraftig, trygg produksjon. Vi søkjer no deg som vil medverke til god utvikling og vekst i selskapet gjennom aktiv og fagleg tyngde innan fagområdet.

Som kvalitetsleiar i Osland Havbruk får du ei sentral rolle i arbeidet med å produserer trygg og god sjømat og skape god HMS-kultur i konsernet. Du blir del av leiarteamet og arbeider tett opp mot driftsleiarar og administrasjonsleiar.

Du må ha kunnskap/erfaring med myndigheitskrav og sertifiseringar innan ISO-standarden.  

Arbeidsoppgåver

  • Bidra aktivt med forbetringsarbeid knytt til kvalitet og HMS.
  • Fagleg ansvar for vurdering, implementering og oppfølging av HMS-, kvalitets- og internkontrollsystem. 
  • Fagleg ansvar for at selskapa til ei kvar tid har prosessar som er i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Sørge for at internkontrollsystemet vårt dekkjer krav til oppfølging av konsesjonar, lover, forskrifter og standardar.
  • Medverke i dagleg planlegging av produksjon og prosessar, knytt til risikovurderingar og selskapets kvalitetsarbeid.
  • Ansvarleg for oppfølging av skadar og hendingar.
  • Støtte linjeleiing ved revisjonar frå sertifiseringsorgan, myndigheiter og kundar.
  • Medverke med informasjon til tilsette i produksjonen knytt til KHMS og aktiv opplæring og bygging av HMS-kultur.
  • Leie og utvikle gode HMS-arenaer. 
  • Granskingsleiar for hendingar og avvik.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning
  • Fortrinnsvis erfaring med oppdrett eller sjøfart elles
  • Har erfaring og interesse for kvalitetsarbeid og HMS
  • Er målretta, strukturert og nøyaktig
  • God avsluttar og gjennomføringsevne
  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk
  • Gode datakunnskapar og evner å drive fram nye digitaliseringsløysingar
  • Relevant erfaring vil kunne vege opp for manglande utdanning

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Utfordrande og spennande arbeid i ei matproduksjonsbedrift som også i framtida skal levere ein «smak av Sognefjorden»

Arbeidsstad er i utgangspunktet Bjordal men vi er opne for fleksible løysingar

 

Søknadsfrist 23. april 2019

Send søknad og CV på e-post til:

Marte S. Hatlevik, Økonomi- og Adm. leiar
E-post marte.hatlevik@osland.no 
Telefon 482 46 195

Inkomne søknader blir vurdert fortløpande.

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden basert på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 45 tilsette.