Osland Settefisk er i stadig vekst og utvikling og søkjer ny medarbeidar til avdelinga vår på Sørebø.

JOBBEN

  • Du skal ha ansvar for vedlikehaldet ved det toppmoderne anlegget vårt på Sørebø.
  • Du skal sette vedlikehald i system og sørge for at ting blir gjort til rett tid.
  • Det er spennande og travle tider med ein ny hall under bygging. Du blir med på oppstart av denne produksjonshallen i november.
  • Stillinga di inngår i vaktordning.

DEG

  • Du har praktisk erfaring som f.eks. rørleggar, mekanikar eller automatikar. Fagbrev er eit pluss men ikkje påkrevd.
  • Du må kunne norsk flytande munnleg og skriftleg.
  • Du har førarkort kl B og disponerer eigen bil

VI TILBYR

  • 100 % fast stilling
  • Interessant jobb i godt arbeidsmiljø
  • Moderne anlegg og utstyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjonsordningar

BYGDA

Høyanger sørside er eit område med levande bygder og næringsliv med ambisjonar. Velkommen innom for ein kikk. Sørebø ligg innerst ved Østerbøvatnet med andre bedrifter som Østerbø Maskin rett i nærleiken. Med kraftutbygginga og hallbygginga som foregår er det eit yrande folkeliv. Treng du jobb til din +1 så ta kontakt, kanskje me veit om noko. Flott og god skule og barnehage finn du i Bjordal.

Kontakt

Driftsleiar Kjetil Rørtveit

Telefon  416 84 036
E-post  kjetil@osland.no

Søknadsfrist: 30. juni

Send søknad og CV på e-post til post@osland.no

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Settefisk er ein del av Osland-konsernet og produserer stor kvalitetssmolt. Produksjonen vår er på nytt og moderne settefiskanlegg på Sørebø, Midtneset og Sygna. Vi har konsesjon på 8,5 mill. smolt, og er i dag 15 tilsette.

Følg oss på Instagram: