Miljø og berekraft

Osland Havbruk driv eit kontinuerlig arbeid for å oppnå ein miljømessig berekraftig produksjon av laks og aure. Vi arbeidar kvar dag for å produsere trygg og god sjømat for å gi deg ”ein smak av Sognefjorden”.

Fiskevelferd

Fiskevelferd er viktig for oss. Skal fisken ende opp som god mat er det viktig at den har eit godt liv. Reint vatn, balansert næringstilgang, tilstrekkeleg plass. Engasjerte tilsette med god kunnskap er viktig for å oppnå dette. Kort veg frå settefiskanlegg til matfiskanlegg og nærleik til slakteriet reduserer smitterisiko og gir auka velferd for fisken.

Kortare veksttid i sjø

Settefiskanlegget vårt jobbar med mål om å produsere stor og god smolt på land. Slik kortar vi ned produksjonstida i sjø. Kort produksjonstid i sjø reduserer faren for sjukdom, rømming og lakselussmitte. Resultatet er lite handtering av fisken noko som fører til lite stress og god fiskevelferd. Les meir om Osland Settefisk her >>

Ferskvatn

Sognefjorden er unik til produksjon av laks og aure. Omkransa av høge fjell med store vassdrag som gir rask utskifting av vatnet og bidreg til gode vekstforhold i merdene. Friskt og oksygenrikt vatn finn naturleg vegen til fisken.

Heile livsløpet

Livsløp- stamfisk - settefisk - havbruk - slakteriet - seaborn

For aure blir rogn produsert av lokal stamfisk. Laks kjøper vi som yngel på 10-30 gram. Kapasiteten vår på rogn og yngel vert auka ved ferdigstilling av ny hall på Sørebø.

Ved settefiskanlegget utviklar yngelen seg til smolt og gjennomgår ein prosess for å tilpasse seg livet i saltvatn. Stor smolt som vi satsar på er om lag 100-250 gram når den vert sett i sjøen. Etter 10-14 månader i merder i Sognefjorden når matfisken ei vekt på 4-6 kg. Slakteklar fisk vert skipa med brønnbåt til Slakteriet. Derifrå går turen ut i verda. Mesteparten av fisken vår vert selt gjennom Seaborn og endar opp på den internasjonale marknaden.

Osland Havbruk AS
Osland Brygge
5962 BJORDAL

57 71 01 02
post@osland.no

www.osland.no
Foretaksnr: 920002218 MVA