Om oss

Osland Havbruk AS er eit av landets eldste fiskeoppdrettselskap. Lokaleigd av tredje generasjon Osland. Hovudkontor i Bjordal med gode lokalitetar i Høyanger kommune sin del av Sognefjorden.

Sognefjorden som arbeidsplass

Sognefjorden er som skapt for matproduksjon. Vi produserer laks og aure av høg kvalitet for den internasjonale marknaden. Osland Havbruk, ein smak av Sognefjorden.

Heile verdikjeda lokalt

Gjennom dotterselskap og samarbeidspartnarar er heile verdikjeda frå rogn til ferdig slakta fisk sikra i lokalmiljøet. Dette er vi stolte av.

Berekraftig mat

Omsyn til miljø og berekraftig drift er viktig for oss. Vi jaktar stadig måtar å gjere ting endå betre og smartare på.

Lokalt engasjement

Vi er opptatt av å vere ein bidragsytar i lokalsamfunnet. Arbeidsplassar, verdiskaping og aktivitet i områda rundt lokalitetane våre står sentralt.

Team Osland

Vi har ein flott gjeng tilsette med kunnskap og engasjement som legg stoltheita si i å produsere sunn og god mat til deg.

Unik kompetanse

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Stamfisk AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 45 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er denne staben som utgjer Osland Havbruk.

Bli ein del av Team Osland

Osland Settefisk AS

Dotterselskapet vårt, Osland Settefisk AS, har konsesjon for produksjon av 8,5 mill smolt og sikrar oss og andre tilgong på kvalitetssmolt i nærmiljøet. Les meir om Osland Settefisk>>

Osland Stamfisk AS

Osland Stamfisk AS sikrar tilgong på rogn og driv med framtidsretta avl på regnbogeaure.

Salmon Group AS

Verdas største nettverk av lokale familieeigde oppdrettsselskap. Syter for felles innkjøp og tenester til aksjonærane.

Seaborn AS

Seaborn AS er eit eksportselskap eigd av tilsette og fiskeoppdrettarar. Fisken vår vert selt gjennom dei til den globale marknaden.

Historie

Bedrifta vart stifta i 1963 under namnet Osland Ørretoppdrett (seinare Eros Laks) av oppdrettspioneren Erling Osland.

Erling Osland

Erling spelte ei viktig rolle i oppbygginga av oppdrett som næring her til lands. Han var innovativ med sterke meiningar og var med på utvikle havbruket i Noreg til det det er i dag.

Utvikling

I 1998 skifta vi namn til dagens Osland Havbruk AS. Vi har gjennom åra opplevd både gode og dårlege tider. Gjennom dette har vi jobba med å reindyrke satsinga og stadig forbetre oss på teknologi og fiskehelse.

I 2012 kjøpte vi settefiskanlegget på Sørebø frå Marine Harvest. Slik fekk vi og kontroll på smolttilgongen.

Bedrifta er i dag eigd av Erik Osland, barnebarnet til gründeren. Osland Havbruk er slik det einaste oppdrettselskapet som er 100% eigd av tredje generasjons oppdrettar.

Bok

Stig Hovlandsdal Øvreås samla i samband med 50-årsjubileet historia om Osland Havbruk mellom to permar i 2013.

Osland Havbruk AS
Osland Brygge
5962 BJORDAL

57 71 01 02
post@osland.no

www.osland.no
Foretaksnr: 920002218 MVA