Osland Havbruk, Osland Settefisk og Osland Stamfisk kunne fredag 14. juni ynskje velkomen til open dag på Osland Brygge og på Sørebø. Her kunne dei besøkjande få et innblikk i kvardagen til bedrifta.

Besøkende på Osland Settefisk

Omvisning på byggeplassen på Sørebø

Dei som tok turen denne solfylte fredagen kunne blant anna få omvising på Sørebø, der det er stor byggeaktivitet for tida. Her vart ein teken i mot av Kjetil og Co, som hadde guida turar rundt om på anlegget og byggeplassen. Ein kunne også få omvising inne på Sørebøhallen, der ein fekk sjå korleis ein produserer fisk på Osland Settefisk.

MS Bjordal

Båten “Bjordal” frakta besøkende over Sognefjorden

Det var satt opp båt i frå Nordeide slik at også dei i frå Nordsida av kommunen kunne ta turen over til Open dag. Dette tilbodet vart godt teke i mot, og fleire valte å ta turen over Sognefjorden.

På merdekanten

Båttur til den nye Ecomerden

På Osland brygge var det fleire ulike aktivitetar ein kunne ta del i. Ein kunne sitte på brygga og nyte kaffi, kaker eller prøve seg på ein smak av Sognefjorden. Ein kunne tilby blant anna sursylta laks og lakserull. Båten Bjordal stod klar til å frakte dei som ville ut til Ecomerden, der ein kunne få oppleve fôring av stamfisken. RIB-båten var svært populær blant særleg dei unge, som fekk leike seg utpå fjorden med fart og spenning.

Sursylta laks

Ein smak av Sognefjorden

Dagleg leiar for Osland Havbruk, Erik Osland, fortel kvifor dei hadde lyst til å arrangere ein slik dag. – Vi har lyst til å vise anlegget til folk rundt oss som er nysgjerrige. Vi får mykje spørsmål og meiner derfor at openheit er viktig.

Erik Osland

Erik Osland var godt fornøgd med både oppmøtet og innsatsen til dei tilsette på Open dag

Vidare fortel Osland at ein slik dag kan hjelpe dei til å bli flinkare med omdømebygging. Sidan dagen vart suksess, ser han ikkje vekk i frå at dei lagar fleire slike arrangement i framtida.

Det var tydeleg at folk som deltok på Open dag var begeistra. Dei tykte at eit slikt arrangement var kjekt for bygda, og meinte det var flott at Osland Havbruk investera og utvikla lokalsamfunnet.

Tekst og foto: Hanna Rørtveit