Osland Havbruk arrangerte 11. juli open dag på Torvund for bebuarar i nærområdet. Det var rundt 25 besøkande som valde å ta turen innom. 

Det er varmt og lummert i lufta, og på kaia ved Fagernes feriesenter står det to båtar klare til å frakte besøkande til og frå flåten på Torvund. Ute på flåten vart ein tatt i mot av Eva Ynnesdal og Marina Jafelice. Dei fortalte om drifta til Osland Havbruk på Torvund og svarte på spørsmål i frå dei besøkande.

Velkommen ombord

Marina Jafelice og Eva Ynnesdal står klare på flåten for å ta i mot dei besøkande

Ein god lokalitet

Visningsdag på Torvund

Paul og Henny Torvund var svært positive til at ein slik open dag vert arrangert for hus-og hytteeigarar på Torvund

Osland Havbruk etablerte anlegget på Torvund våren og sommaren 2017 og sette ut fisk på 120 gram i august. Torvund er ein god lokalitet for produksjon av laks og aure og vi er no starta å slakte på fisken i anlegget. Vi arrangerer opne dagar på anlegga våre slik at publikum kan komme og få informasjon om drifta vår.

Kjekt å sjå

Ekteparet Henny og Paul Torvund, som er med i Torvund og Aven grendelag, var einige i at ein slik open dag bidrog til at dei som tok turen, fekk sjå anlegget i frå ei anna og meir positiv side. – Vi syns det var kjekt å få sjå korleis alt fungerte ute på anlegget, fortel dei.

 

Utan mat og drikke…

Visningsdag på Torvund Visningsdag på Torvund

Då dei besøkande kom på land, kunne tilsette i frå Osland Havbruk friste med grilla oppdrettsaure og potetsalat. Dette fall i god smak hjå både skeptikarar og fiskeelskarar.

Visningsdag på Torvund

Det vart servert grilla regnbogeaure frå Osland Havbruk med potetsalat

Tekst og foto: Hanna Rørtveit