I ein hektisk kvardag er det viktig å sette av tid til og samlast og ha det sosialt med dei ein arbeidar i lag med. I helga var Team Osland samla på Voss til litt forsinka julebord, ski og andre aktivitetar. I den samanheng nytta vi høve til å overrekke gullklokka, som er ein tradisjon for 25 års tilsetting, og Norges Vel si medalje for lang og tru tjeneste.

Gullklokke til Kjetil J. Rørtveit

Kjetil Johan Rørtveit har vore tilsett på Settefiskanlegget på Sørebø i 25 år. Kjetil starta som røktar, men er no driftsleiar for heile Osland Settefisk. Kjetil har utvikla anlegget på Sørebø frå å vere eit lite tradisjonelt gjennomstrøymingsanlegg til eit topp moderne RAS anlegg.

Gullklokke til Bjarne A. Sjøtun

Bjarne Asperanden Sjøtun har vore tilsett på settefiskanlegget Sygna på Leikanger i 25 år. Bjarne er aktiv i lokalmiljøet og ivrar for at barn og unge skal få kunnskap om næringa. Bjarne er i dag driftsleiar på Sygna og er og med i fagopplæringsnemda i fylket.

Medalje til Ove Ynnesdal

Ove Ynnesdal har vore tilsett i Osland Havbruk i 30 år, og fekk utdelt medalje for lang og tru tjeneste.

Medalje for lang og tru tjeneste er innstifta av Det Kongelige Selskap for Norges Vel i 1888. Det er ei påskjønning til særlig fortjente arbeidstakarar med minst 30 års tilsetting hjå same arbeidsgiver. Medaljen tildelast av direksjonen i Det Kongelige Selskap for Norges Vel etter søknad fra arbeidsgivar.

Ove har vore med på utviklinga i Osland Havbruk frå eit lite selskap med få tilsette, til no, når vi nærmar oss 50 tilsette. Ove er ein mann med teknisk innsikt, nyfiken på nye ting og ser ikkje på klokka for å sjå om arbeidsdagen er over. Ove har oversikt på det meste av teknisk utstyr og alle ringer Ove om det er noko som ikkje virkar slik det skal.

Osland Havbruk gratulerer og er stolte over å ha tilsette som står på og trivst hjå oss.