Osland Settefisk

Om oss

Osland Settefisk AS produserer kvalitetssmolt, og har konsesjon for produksjon av 8,5 mill. smolt. Vi har hovudbase på Sørebø ved Østerbøvatnet, ein lokasjon på Midtneset ved Sognefjorden og ein på Sygna ved Leikanger.

Stor smolt

Vi jobbar med å produsere stor og god smolt slik at veksttida i sjø vert kortast mogleg. Dette er svært positivt sidan det blir lettare å ha kontroll på lusa og mindre fare for rømming. Vi set fiskevelferd i fokus og har moderne godt utstyr på anlegga våre.

Satsar på settefisk

Ny teknologi

1. juni 2016 opna vi ny hall på Sørebø og dobla dermed kapasiteten vår. Denne inneheld klekkeri, startfôringsavdeling og ei yngelavdeling. Her tek vi i bruk ny resirkuleringsteknologi som gjer at vi brukar om att 95-99% av vatnet. Slik tek vi vare på temperaturen, noko som er energieffektivt, og skaper eit stabilt miljø. Dette vil gi både økonomiske fordelar og ein betydeleg miljøgevinst.

 

Fleire tilsette

Endå ein ny stor hall krev og fleire og rett bemanning. I dag er det 7 tilsette på Sørebø, men vi ser for oss 10 i nærmaste framtid. Har du bakgrunn innan aquakultur og/eller praksis innan elektro og automasjon og kunne tenke deg å jobbe på eit moderne settefiskanlegg? Ta kontakt med Kjetil alt i dag! Utlyste stillingar finn du her >>

Ny hall

Osland Settefisk satsar vidare og byggjer ut anlegget på Sørebø med ny RAS-hall på 2600 kvm. Denne inneheld 6 store kar støypt i betong.

Det er vel to år sidan vi opna Sørebøhallen, og den har fungert svært godt. Vi vel no å byggje ut med same RAS teknologi frå Krüger Kaldnes men med Total Betong som leverandør av bygget. Vi har fått utvida konsesjonen vår og vil auke produksjonen opp mot 1000 tonn.

 

Arbeidet i gong

Eit av dei største fortrinna med ein ny produksjonshall er at vi kan produsere stor fisk til utsett i sjø når vi ynskjer det.

Vi er no i full gang med utgraving av tomt til ny hall og ser for oss byggjestart så snart alle løyve er plass. Samstundes er vi i gang med utfylling med tunellmassar frå kraftutbygginga for å auke arealet på Sørebø for vidare vekst.

Avdeling Sygna

Landanlegg

8. juni 2018 kjøpte Osland Stamfisk Marine Harvest sitt settefiskanlegg på Leikanger.

Dei første åra vil Sygna avlaste anlegget på Sørebø med startforing av aure. Planane for Sygna er eit framtidig landanlegg for stamfisk og startforing av aure. Anlegget på Hermannsverk har unik lokalisering i forhold til biologisk risiko. Vi får no moglegheit til å halde delar av stamfiskproduksjonen på land i heile livsyklusen, noko som gir oss moglegheit til å levere rogn heile året.

Kontakt

Osland Settefisk AS

epost Osland brygge, 5962 BJORDAL

kartmerke Sørebø, 5962 BJORDAL
ikon_telefon_mini 57 71 01 83

Kjetil Rørtveit

Driftsleiar

ikon_telefon_mini  57 71 01 83
mobil  416 84 036

epost  kjetil@osland.no

Osland Havbruk AS
Osland Brygge
5962 BJORDAL

57 71 01 02
post@osland.no

www.osland.no
Foretaksnr: 920002218 MVA