Osland Stamfisk

Kven kom først, høna eller egget? Den problemstillinga er vel allment kjent. Barnehageborna i Bjordal stiller i dag spørsmålet: «Kven kom først, fisken eller egget»

Om oss

Osland Stamfisk vart stifta i 2012 og er leverandør av befrukta aurerogn. Vi har hovudkontor og eit produksjonsanlegg i Bjordal samt i Vindafjord kommune i samarbeid med Ilsvåg Holding.

Oslandsstammen

Osland Havbruk har frå starten i 1963 drive med produksjon av sin eigen aurestamme, tufta på genmateriale frå Canada. No tek vi dette vidare i selskapet Osland Stamfisk.

Oslandsstammen er kjent som stor og raskveksande blank aure med sein kjønnsmodning.

Satsar på stamfisk

Som eige selskap har ein større fokus og blir meir spissa på avl og genetikk. Moderne avlsarbeid er høgteknologisk vitenskap.

Med fisk

To lokalitetar

Osland Stamfisk har samarbeid med Ilsvåg Holding om drift av avlsprogram og stryking av fisk frå Ilsvågstammen. Vi har stamfisklokalitetar i Sognefjorden og i Sandeidfjorden i Rogaland. Vår nyaste lokalitet er Skigelstrand der vi har 7 merder og ein Sjøsterk 200 tonns forflåte. Vi sikrar genene til både Osland og Ilsvåg ved å ha stamfisk lokalisert på begge stader.

Fleire tilsette

Vi er i ein etablerings- og vekstfase og treng stadig fleire tilsette. Har du bakgrunn innan aquakultur og kunne tenke deg å arbeide med spennande stamfisk og utviklingsarbeid? Ta kontakt med Sverrir alt i dag! Utlyste stillingar finn du her >>

Rogn

Historie

I 1958 strauk Erling Osland fjellaure fiska i Stølsvatnet. Rogna vart klekt i kjellaren i huset han hadde i Høyanger. I korte trekk var det slik det heile starta.

Frå 1950-talet og fram til i dag har Høyanger sørside endra seg frå å drive matproduksjon på land til å drive med matproduksjon i fjorden. Osland Stamfisk er ein del av denne utviklinga.

Skigelstrand

Kontakt

Osland Stamfisk AS

epost Sørsidevegen 2966, 5962 BJORDAL

kartmerke Osland brygge, 5962 BJORDAL
ikon_telefon_mini 57 71 01 02

Sverrir Valdemarsson

Driftsleiar Osland Stamfisk AS

ikon_telefon_mini 913 02 615
epost sverrir@osland.no

Osland Havbruk AS
Osland Brygge
5962 BJORDAL

57 71 01 02
post@osland.no

www.osland.no
Foretaksnr: 920002218 MVA