by Osland | Aug 2, 2020 | Aktuelt, Osland Settefisk, Team Osland
Vilde Hagen Myrmel takkar for seg etter å ha jobba på Sygna dei siste 7 somrane.
Vilde, som er fødd og oppvaksen på Leikanger, byrja å jobbe på Sygna sommaren 2014, og har trivst så godt at ho har vore der alle somrane fram til no.
– Det er eit veldig triveleg arbeidsmiljø her på Sygna, med kjekke kollegaar som kjenner kvarandre godt. Også er det mykje variert og fysisk arbeid som eg er glad i, seier ho.
I tillegg til å ha brukt mykje av somrane sine her, valde Vilde å jobbe på Sygna det første året etter vidaregåande også. Har dei trengt hjelp i feriar eller ved spesielle behov, slik som i vår, stiller ho sjølvsagt gjerne opp. Ho tykkjer denne arbeidserfaringa har vore veldig lærerik.
– Eg kunne jo ingenting når eg begynte, så eg har jo lært alt her. Oppdrett er jo noko ikkje så mange veit så mykje om, vertfall i min omgangskrets. Så det er litt kjekt å lære om det, for det er jo ein stor bransje, fortel ho.
24-åringen har budd og studert i Bergen dei siste fire åra, i vår leverte ho ein bachelor i sosialt arbeid og er no ferdig utdanna sosionom. Ho byrjar i jobb allereie 3.august på NAV Årstad i Bergen, og gler seg svært mykje til nye utfordringar, men innrømmer at Sygna kjem til å bli sårt sakna.
– Eg sakna det jo alltid litt når eg ikkje er her. Viss eg klarte å komme meg heim igjen til Leikanger på ein torsdag i studietida, så kunne eg fort stikke ned til anlegget å ta ei vaffel og ein kaffi på fredagen, ler ho.
Team Osland takkar Vilde for innsatsen ho har bidrege med på Sygna og ønskjer ho lykke til vidare i hennar nye jobb.
Tekst: Hanna Rørtveit
by Osland | Jul 27, 2020 | Aktuelt, Osland Settefisk
Osland Havbruk er i vekst og utvikling, med stadig fleire tilsette, aktive dotterselskap som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Osland Settefisk har hatt god utvikling og tel no 15 tilsette og Kjetil Rørtveit tek over som dagleg leiar frå 1. august
Kjetil Johan Rørtveit vaks opp på Osland, med fiskeoppdrett som næraste nabo. Som dei fleste andre i bygda hadde Kjetil og sommarjobb på fiskeanlegget. Etter vidaregåande i Høyanger var interessa for fiskeoppdrett framleis stor, og han gjekk vidare på distriktshøgskulen i Sogndal, der dei den gong hadde akvakulturutdanning.
I 1993 vart Kjetil tilsett på settefiskanlegget på Sørebø, som den gong heitte Sogn Marine Farm. Her tok han fagbrev i akvakultur og vart etter kvart driftsleiar for anlegget i 2000 når Marine Harvest, no Mowi, overtok anlegget. Settefiskanlegget på Sørebø har hatt vekst og utvikling heilt i frå starten av 1991 og fram til 2011 då det vart ein del av Osland systemet.
Då Osland tok over i 2011 vart det eit taktskifte og utviklinga skaut fart. Gjennomstrøymingsanlegget vart oppgradert med større kar og moderne løysingar på fôring, vassbehandling, vaksinering- og sorteringsutstyr.
Osland settefisk avd. Sørebø med nye hallar
RAS-teknologien inntek settefisknæringa i landet og Kjetil ivra for å få bygt eit toppmoderane RAS-anlegg på Sørebø. Med Osland sin innovasjonsvilje let dette seg realisere, og 1. juni 2016 opna vi Sørebøhallen, eitt av dei mest moderne settefiskanlegga i landet.
Sørebøhallen innfridde og ein gjekk raskt i gong med å planlegge ein ny RAS-hall. Den nye hallen, Kloven, var klar til oppstart våren 2020. I tillegg til anlegget på Sørebø består Osland Settefisk av endå eit settefiskanlegg, Sygna, lokalisert på Leikanger.
Som resten av næringa er settefisk blitt ein viktigare del av verdikjeda. Produksjon av stadig større smolt er både volum- og resurskrevjande, som betyr meir personell som treng god leiing.
Erik og Kjetil på midten av 1970-talet under symjetrening i gamle fiskekar på Osland.
Erik Osland har vore dagleg leiar for Osland Settefisk frå 2011 og fram til no, men overlet no den dagleg leiinga av Osland Settefisk til Kjetil. Dette gjer han slik at han sjølv kan få meir tid til å utvikle resten av Osland systemet. Erik og Kjetil er barndomsvener, oppvaksne i lag, samarbeider godt og vil begge bidra til å utvikle og sikre Osland systemet med fleire trygge og gode arbeidsplassar i framtida.
by Osland | Jul 8, 2020 | Aktuelt, Osland Genetics
Osland Stamfisk AS og Ilsvåg Holding AS har i 4 år samarbeida godt om utvikling og avl av regnbogeaure. No overtek Osland Stamfisk Ilsvåg-stammen noko som synleggjer satsinga vår på avl og genetikk. Etter overtakinga sit Osland Stamfisk no med to avlslinjer som begge er med i familieavlsprogram leia av Nofima.
Ilsvåg skal halde fram med settefiskverksemd (produksjon av yngel, settefisk/aure/laks frå rognstadiet), som har vore Ilsvåg sin hovedbeskjeftigelse i alle år.
Hausten 2019 identifiserte forskarar hos Nofima ein QTL for IPN i Osland-stammen. Denne vert teken i bruk i marknaden frå 2021. Samstundes arbeider vi med og integrere QTL som verktøy også i Ilsvåg-stammen.
Osland Stamfisk satsar målretta på avl av regnbogeaure
Osland Stamfisk vil i framtida ha stamfisk både i PO2 og PO4. Vi testar og ut ny teknologi med å ha stamfisk i lukka merd i sjøen, og vi investerer for å kunne ha heile syklusen på land. Kombinasjon av tradisjonelle merder, lukka merder og produksjon på land er ei sikkerheit for at vi kan tilby kundane våre eit optimalt avlsmateriale i åra som kjem.
Gjennom ei målretta satsing har Osland bygt eit regionalt team rundt stamfisksatsinga. Med to aure-stammar å bygge vidare på skal vi tilby ein regnbogeaure som skal styrke kundane våre i Norge og utlandet.
Team Osland treng fleire driftsteknikarar >>
by Osland | May 15, 2020 | Aktuelt
Marte Sleire Hatlevik er til dagleg økonomi- og administrasjonsleiar i Osland Havbruk. Salmon Group er eit nettverk for lokale oppdrettsselskap langs norskekysten. Hovudoppgåva er å sikre selskapa best mogleg drifts- og rammevilkår. Nettverket sikrar eigarane gode innkjøpsavtalar der ein samla oppnår stordriftsfordeler. I tillegg jobbar selskapet med aktivitetar som styrker nettverket sin kompetanse og fagleg utvikling.
Tom Jarle Bjørkly frå Mortenlaks forset som styreleiar, og Vibecke Bondø fra Salmonor held fram som nestleiar. Per Arne Dahle, fra Aqua Farms Vartdal, fortset i styret. Henrik Melingen frå Austevoll Melaks og Marte Sleire Hatlevik er nye i styret.
Erik Osland har vore styreleiar i Salmon Group i fleire år og Osland Havbruk ynskjer no Marte Sleire Hatlevik lukke til med det viktige arbeidet som Salmon Group gjer for dei lokaleigde oppdrettsselskap langs norskekysten.
by Osland | Sep 3, 2019 | Aktuelt
Osland Havbruk støttar drifta med hundre tusen kroner.
Bjarne Sjøthun frå Osland Settefisk avd. Sygna overrekte sjekken under dåpen av RS UNI Sognefjord på Leikanger 28.august.
Samfunnskontakt Geir Helge Østerbø fortel at for Osland som har mange tilsette på sjøen er dette eit veldig viktig tiltak for tryggleik og beredskap. At basen til redningsskøyta blir på Leikanger der dei har ei avdeling gjer det og naturleg å støtte eit slikt tiltak.
Største delen av aktiviteten til Osland er derimot i Høyanger kommune nokre minutt lenger ute. Ein kommune som er delt i to av den mektige Sognefjorden. Slik blir denne redningsskøyta viktig for beredskapen for meir enn berre havbruket. Med mange som nyttar fjorden på fritida, yrkesfiskarar, turistar og ferjetrafikk er det mange som no får ein tryggare kvardag. I eit område der vegar ofte blir ras-stengde er det viktig å også ha beredskap på fjorden.
RS UNI Sognefjord har over 1100 hestekrefter og blir driven av Sjøredningsselskapet i Sogn.
Sjå meir om dåpen i denne saka frå Sogn Avis (pdf)>>