by Osland | Jul 2, 2025 | Aktuelt
Osland AS har varsla oppstart av detaljreguleringsplan for utviding av kanalen frå Eidesfjorden til Østerbøvatnet. Dette er eit viktig steg for å styrke fiskevelferda ytterlegare og legge til rette for framtidsretta næringsaktivitet.
Formålet med planarbeidet er å opne opp for at brønnbåtar kan segle inn til settefiskanlegget via sjøvegen, noko som gir endå tryggare og meir skånsam transport av smolt. I dag skjer all transport på ein rasutsett og smal vegstrekning. Ei løysing via sjø vil bidra til både betre fiskevelferd, lågare transportbelastning og meir robust drift.
– Dette er eit framtidsretta grep som skal sikre både fisken vår og logistikken vidare framover. Vi ser det som ein naturleg del av å utvikle lokal verdiskaping og drive meir effektivt, seier Marianne N. Bøe, utviklingsleiar i Osland AS.

Utviklingsplanar for næringsområdet
Reguleringsplanen omfattar også vidare utvikling av næringsareala rundt kaiområdet på Søreide. Det gir rom for framtidig ekspansjon, betre logistikk og mogleg samarbeid med andre aktørar i regionen. Slik håpar vi prosjektet med Straumen vil komme resten av næringslivet til nytte og vere positivt for heile området.
Praktisk informasjon om planarbeidet
- Varselet er i samsvar med Plan og bygningslova § 12-8
by Osland | Jul 1, 2025 | Aktuelt, FoU, Osland Genetics
Stabil tilgang på rogn også i seinsesong er viktig for oppdrettarar av regnbogeaure. No har Osland teke nok eit viktig steg i rett retning med lovande resultat frå eit pågåande FoU-prosjekt.
I sommar har Osland for første gong levert rogn heilt ut i juli som del av eit målretta utviklingsprosjekt. Målet er å tilby heilårleg rognleveranse med høg kvalitet og forutsigbar produksjon.
– Dette er viktig for alle som satsar på aure. Det er etterspurnad i marknaden, og no byrjar vi å sjå resultat, seier Andreas Berge, salsleiar i Osland Genetics.
Christoffer Gundersen, Phillip Kudor og Henrikke B. Oppedal gjer klar leveranse med juli-rogn
Tilbakemeldingane på rogna så langt har vore svært gode:
– Kvaliteten har vore stabil og betre enn vi forventa for denne tida på året, seier Henrikke B. Oppedal, fagkoordinator avl og FoU i Osland Genetics. – Vi har utvikla ein metode som fungerer godt på våre stammer, og kundane kan vere trygge på kvaliteten.
Neste steg blir å skalere opp volum og sikre føreseieleg produksjon, med balanse mellom fiskevelferd og kundebehov.
– Den lange sesongen set kundane våre veldig pris på, og vi gledar oss til vi kan tilby dette til fleire kundar i åra framover, avsluttar Berge.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
by Osland | Feb 6, 2025 | Aktuelt
I desember 2024 stod sushi av Osland-aure på menyen då Magnus Carlsen vann gull under finalen i Champion Chess Tour 2024 i Oslo.
I den internasjonale finalen møttest dei aller beste, inkludert Noregs eigen Magnus Carlsen, og turneringa nådde eit stort publikum både her heime og ute i verda. Turneringa vart arrangert av Chess.com, den største sjakkplattforma globalt, med over 180 millionar registrerte brukarar.
Sushi frå Sognefjorden
– Aure har ein nydeleg tekstur og smak som høver perfekt til sushi, forklarer susihikokken frå SushiTake til TV2.
Fisken kom rett frå Sognefjorden, vart filetert lokalt før sushikokkane frå SushiTake tilberedte og serverte den til sjakkeliten i Oslo.
Sendt på TV2
Sverre Krogh Sundby i samtale med sushikokken frå SushiTake framfor eit bugnande bord med godsaker.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
by Osland | Dec 16, 2024 | Aktuelt
Premium aure frå Osland er hovudingrediensen når to erfarne sushikokkar frå SushiTake serverer delikatesser live i studio under Champions Chess Tour-finalen i Oslo 17.–21. desember.
Magnus Carlsen
I den internasjonale finalen møtest dei aller beste, inkludert Noregs eigen Magnus Carlsen, og turneringa når eit stort publikum både her heime og ute i verda. Turneringa arrangerast av Chess.com, den største sjakkplattforma globalt, med over 180 millionar registrerte brukarar.

Magnus Carlsen og 7 andre finalistar deltek i Champions Chess Tour Finalen 2024 i Oslo. Foto: chess.com
Sushi frå Sognefjorden
– Aure har ein nydeleg tekstur og smak som høver perfekt til sushi, forklarer salssjef Johnny Kalstad hos Osland. Fisken kjem rett frå Sognefjorden og vert filetert lokalt før sushikokkane frå SushiTake tilbereder og serverer den til sjakkeliten i Oslo. Kalstad håpar at smaken av Sognefjorden vil slå an hos både spelarane og publikum, og kanskje tilføre ein frisk, norsk vri på det prestisjetunge arrangementet.
Sjå finalen på TV
Champions Chess Tour består av fire nettbaserte turneringar gjennom året, med den store, fysiske finalen i Oslo no i desember. Sendinga kan du følge på chess.com og på TV2.

Champions Chess Tour finale Oslo 2024 – chess.com
.
by Osland | Nov 6, 2024 | Aktuelt
For andre månad på rad ligg kiloprisen på aure over kiloprisen på laks. Hos Osland Havbruk som satsar på aure gir tala grunn til optimisme.
– Det er svært gledeleg å sjå at kundane har fått auga opp for at aure er ein utruleg smakfull og næringsrik fisk, seier salssjef Johnny Kalstad i Osland Havbruk AS. – Vi får gode tilbakemeldingar frå kundane våre rundt i verda. Vi ser no at marknaden gir oss utteljing for å stabilt levere eit smakfullt kvalitetsprodukt året rundt, 52 veker i året.
Osland Havbruk satsar målbevisst på aure og utviklar to av tre aurestammar i Noreg gjennom avlsselskapet Osland Genetics.
Vekst i volum og verdi for aure oktober 2024
- Noreg eksporterte 7 111 tonn aure
- Verdien på dette var 620 millioner kroner
- Verdien auka med 74 millioner kroner, eller 13 prosent, samanlikna med same månad i fjor
- Det er ein vekst i volum på 18 prosent
- Litauen, USA og Thailand var dei største marknadene
Meir informasjon
by Osland | Apr 21, 2022 | Aktuelt, Osland Genetics, Osland Havbruk, Osland Settefisk, Team Osland
Osland styrker eiga satsing med å reindyrke eigen aurestamme
– Vi går tilbake til røtene våre, seier daglig leiar Erik Osland om at Osland no skal satse på aure aleine. Gjennom avlsarbeidet vårt har vi to aurestammer og svært god kunnskap om aure. Det er denne rogna vi no skal ta vidare gjennom heile produksjonen til mat.
Regnbogeaure
Det var regnbogeaure det starta med for snart 60 år sidan, og det er naturleg å satsa vidare på dette inn i framtida. Prosessen er alt i gong med å legge om produksjon frå laks til aure i alle ledd. Dette er ei endring som går gradvis og det vil framleis bli produsert laks ei stund til.
Ved å satse målretta på aure kan Osland jobbe for å bli gode og bli den leverandøren andre går til for aure. Dei blir stabile i marknaden og kan levere jamt veke etter veke i stadan for å veksle mellom aure og laks slik som i dag.
Kvalitet i alle ledd
Selskapet seier dei skal videreutvikle og heve den globale akvakulturnæringen, gjennom å bidra med kunnskap, avl, genetikk og teknologi. Målet er å anerkjenne den norske auren, både nasjonalt og internasjonalt.
Ny merkevare
Som ledd i strategien vart ny merkevare lansert for dei tilsette onsdag kveld. Osland skal no framstå som meir heilheitleg utad med felles logo og visuell profil for alle selskap. Heile vegen i «breed to feed».
Samtidig skal avlsselskapet Osland Stamfisk AS i løpet av sommaren skifte namn til Osland Genetics AS. – Vi er kanskje ikkje så store, men vi tenker stort. Marknaden vår er internasjonal så vi må heile tida utvikle oss for å følge med. Aure er ein robust, flott fisk og ikkje minst knakande god avsluttar Osland.