by Osland | May 15, 2020 | Aktuelt
Marte Sleire Hatlevik er til dagleg økonomi- og administrasjonsleiar i Osland Havbruk. Salmon Group er eit nettverk for lokale oppdrettsselskap langs norskekysten. Hovudoppgåva er å sikre selskapa best mogleg drifts- og rammevilkår. Nettverket sikrar eigarane gode innkjøpsavtalar der ein samla oppnår stordriftsfordeler. I tillegg jobbar selskapet med aktivitetar som styrker nettverket sin kompetanse og fagleg utvikling.
Tom Jarle Bjørkly frå Mortenlaks forset som styreleiar, og Vibecke Bondø fra Salmonor held fram som nestleiar. Per Arne Dahle, fra Aqua Farms Vartdal, fortset i styret. Henrik Melingen frå Austevoll Melaks og Marte Sleire Hatlevik er nye i styret.
Erik Osland har vore styreleiar i Salmon Group i fleire år og Osland Havbruk ynskjer no Marte Sleire Hatlevik lukke til med det viktige arbeidet som Salmon Group gjer for dei lokaleigde oppdrettsselskap langs norskekysten.
by Osland | Sep 3, 2019 | Aktuelt
Osland Havbruk støttar drifta med hundre tusen kroner.
Bjarne Sjøthun frå Osland Settefisk avd. Sygna overrekte sjekken under dåpen av RS UNI Sognefjord på Leikanger 28.august.
Samfunnskontakt Geir Helge Østerbø fortel at for Osland som har mange tilsette på sjøen er dette eit veldig viktig tiltak for tryggleik og beredskap. At basen til redningsskøyta blir på Leikanger der dei har ei avdeling gjer det og naturleg å støtte eit slikt tiltak.
Største delen av aktiviteten til Osland er derimot i Høyanger kommune nokre minutt lenger ute. Ein kommune som er delt i to av den mektige Sognefjorden. Slik blir denne redningsskøyta viktig for beredskapen for meir enn berre havbruket. Med mange som nyttar fjorden på fritida, yrkesfiskarar, turistar og ferjetrafikk er det mange som no får ein tryggare kvardag. I eit område der vegar ofte blir ras-stengde er det viktig å også ha beredskap på fjorden.
RS UNI Sognefjord har over 1100 hestekrefter og blir driven av Sjøredningsselskapet i Sogn.
Sjå meir om dåpen i denne saka frå Sogn Avis (pdf)>>
by Osland | Aug 20, 2019 | Aktuelt, Osland Havbruk
Fiskeoppdrettspioneren frå Bjordal nytta deltakinga på messa Aqua Nor i Trondheim til å kjøpe to nye Ecomerder. Desse vil om kort tid bli tatt i bruk på lokalitetar i Sognefjorden.
Osland Havbruk har dei siste ti åra tatt mange grep for å gjere selskapet meir bærekraftig, mellom anna gjennom produksjon av stor smolt på land og elektrifisering av forflåtar og bilpark. No tar selskapet med base i Bjordal nye steg inn i framtidas havbruk, og dagleg leiar og eigar Erik Osland fortel at investeringa i Ecomerder kjem som eit ledd i ei større satsing.
– Kjøpet av dei to nye Ecomerdene har samanheng med arbeidet vi alt har gjort innan settefisk. I dei moderne anlegga våre på Sørebø og på Hermansverk har vi svært god kontroll på produksjonen, og med postsmolt i Ecomerder på sjø vil vi også få meir kontroll der. Det vil gjere oss betre i stand til å produsere laks med ei planlagt slaktevekt tilpassa marknaden.
Erik Osland på standen til Ecomerden AS
Osland Havbruk kjøpte tidlegare i år ei Ecomerd på 22 000 m3 som har blitt nytta til å huse stamfisk ved lokaliteten Ura i Bjordal. Blant fordelane som Ecomerdene, som har ein lukka alumininiumskonstruksjon og tett dukpose, byr på er redusert dødlegheit og lusepåslag.
– Fiskevelferd er noko vi tar på største alvor, og med løfta vi har tatt på settefisksida dei seinare åra har smolten vår fått meir stabile forhold og betra vekstvilkår. No er vi i ferd med å gjere tilsvarande grep på sjø. Fisk som har det godt veks og godt, så det er definitivt i vår interesse å ta vare på dei maritime husdyra våre.
Dei to nye Ecomerdene som skal leverast til Osland Havbruk vil vere på 30 000 m3 kvar, og er med det dei største som til no har blitt produsert av selskapet Ecomerden AS. Merdene vil kunne produsere opp til fire millionar postsmolt i året. Når postsmolten har fått ei vekt på eitt kilo vil den bli flytta over i ordinære sjømerder.
– Vi er alltid på utkikk etter nye verktøy som kan hjelpe oss i arbeidet med å produsere ein smak av Sognefjorden på ein meir forutsigbar og bærekraftig måte, og i den samanhengen har vi stor tru på og alt gode erfaringar med Ecomerden. Dette er eit av fleire grep vi har tatt på området, men dette er eit forbetringsarbeid der ein aldri kjem heilt i mål, så vi kjem til å fortsetje med å sjå etter nye løysingar. Det skjer utruleg mykje spanande i næringa om dagen, og ein kan finne framtidsretta innovasjon nær sagt over alt. Vi i havbruksnæringa står samla i arbeidet om skape eit meir bærekraftig fiskeoppdrett, og er klare til å ta i bruk dei gode løysingane som blir lanserte.
by Osland | Aug 12, 2019 | Aktuelt
Gjennom stipendordningar og gratis bustadar håpar Osland Havbruk å bli ein attraktiv arbeidsgjevar for unge arbeidstakarar – Berre hopp i det, seier sommarvikar Søgni Wiik.
– Vi vil gje ungdomen eit tilbod her hos oss. Difor tilbyr vi alle, spesielt lokale ungdomar sommarjobb når dei er ferdig i tiandeklasse. Det seier Geir Helge Østerbø, samfunnskontakt i Osland Havbruk før han held fram; – Då får vi moglegheit til å bli kjende med dei, og dei som trivst kan søke opp att til neste år. Det er flinke ungdomar, og den innsatsen håpar vi at skal gje oss mykje tilbake. I tillegg til å tilby sommarjobbar, har Osland Havbruk ei stipendordning for dei som vel å investere framtida si i næringa. Dei tilbyr også dei som treng ein plass å bu gratis leige rett ved Osland Brygge. – Vi er avhengige av folk med kompetanse. I dag har vi stipend for yrkesvegen, men i framtida må vi kanskje ut på høgskular og liknande. Vi er nøydde til å investere i ungdomen for å sikre oss kompetanse, også i framtida. Opprettsnæringa handlar ikkje berre om å kaste noko fisk i fjorden og kalla seg oppdrettar. Vi treng kompetanse i alt frå biologi til meir praktisk drift. Vi som jobbar her no er trass alt byrja å dra på åra, seier Østerbø med eit smil.
Saka stod på trykk i Ytre Sogn 6. august 2019
– Hopp i det
Og investeringa ber alt frukter. Stina Leirnes og Søgni Wiik er døme på det. Leirnes har teke i bruk stipendordninga til Osland Havbruk, og Søgni Wiik studerer master i fiskehelse i
Denne saka var på trykk i lokalavisa Ytre Sogn.Bergen. I sommar har ho jobba hos Osland, og brukt leilegheita dei tilbyr. Leirnes er klar på at ordninga har vore svært positiv. – Den hjelper meg med finansiell støtte gjennom skulegangen, mot at eg kjem tilbake og jobbar her som lærling når eg er ferdig med skulen. Eg har lenge visst at det var dette eg ville jobbe med, stipendordninga var difor utruleg positiv. Den hjelper meg å finansiere draumen, seier Leirnes og held fram. – No er eg ferdig med eit år på naturbruk på Mo landbrukskule, og så skal eg til Måløy og fullføre skulegangen til hausten. Etter det vender eg snuten heim for å vere lærling her, det gler eg meg til. Wiik oppfordrar alle som sit på gjerde til å hoppe i det, og prøve seg fram. – Eg hadde eigentleg lyst å bli tannlege, men på grunn av sommarjobb på oppdrettsanlegg fann eg ut at det var dette eg ville satse på. Leirnes er einig: – Sommarjobb er fint. Det gir deg moglegheit til å lære meir om deg sjølv og kva du passa til.
– Det er ingen plass å rømme frå sola når du er ute på fjorden
Åtte jenter og åtte gutar, i alt 16 ungdomar, har sommarjobb fordelt på Osland Havbruk sine anlegg.
F.v.: Søgni Wiik, Stina Leirnes, Håkon Østerbø, Helene Søreide, Emil Førde og Hanna Rørtveit trives alle som sommarvikarar hjå Osland Havbruk i Bjordal.
– Vi kan ikkje klage på tilværet her, seier Hanna Rørtveit og resten av sommarvikar-gjengen ler.
Ytre Sogn møter ho saman med kollegaane Håkon Østerbø, Helene Søreide, Emil Førde, Søgni Wiik og Stina Leirnes på felleskjøkkenet på Osland Brygge i Bjordal. Rørtveit, som til dagleg studerer journalistikk på Høgskulen i Volda, brukar no sin tiande sommar på rad som sommarvikar hjå Osland Havbruk. I sommar har ho jobba på settefisk og i administrasjon. – Vi får prøvd oss på mykje, og styrer oss sjølv mykje, seier Rørtveit.
Ein annan sommarvikar er Håkon Østerbø. Han har brukt sommaren på dei ulike anlegga langs Sognefjorden. – Det er ein variert jobb, og ein blir jo veldig brun. Det er ingen plass å rømme frå sola når du er ute på fjorden, seier Østerbø og ler. Han seier jobben er variert, og at kvar dag er ulik. – Det oppstår situasjonar som ein må ta fortløpande. Det kan til dømes vere fjerning av lakselus, eller problem med fôringsanlegget. Det blir eit par telefonar inn til Søgni på fôrsentralen i løpet av ein dag, forklarar han og held fram: – Eg er ferdig på vidaregåande til hausten, etter det skal eg studere. Eg trivst godt med å bruke somrane her, så det kjem eg nok til å gjere i framtida også.
Tekst og foto: Kyrre Fitje, Ytresogn
by Osland | Jun 21, 2019 | Aktuelt
Osland Havbruk, Osland Settefisk og Osland Stamfisk kunne fredag 14. juni ynskje velkomen til open dag på Osland Brygge og på Sørebø. Her kunne dei besøkjande få et innblikk i kvardagen til bedrifta.
Omvisning på byggeplassen på Sørebø
Dei som tok turen denne solfylte fredagen kunne blant anna få omvising på Sørebø, der det er stor byggeaktivitet for tida. Her vart ein teken i mot av Kjetil og Co, som hadde guida turar rundt om på anlegget og byggeplassen. Ein kunne også få omvising inne på Sørebøhallen, der ein fekk sjå korleis ein produserer fisk på Osland Settefisk.
Båten “Bjordal” frakta besøkende over Sognefjorden
Det var satt opp båt i frå Nordeide slik at også dei i frå Nordsida av kommunen kunne ta turen over til Open dag. Dette tilbodet vart godt teke i mot, og fleire valte å ta turen over Sognefjorden.
Båttur til den nye Ecomerden
På Osland brygge var det fleire ulike aktivitetar ein kunne ta del i. Ein kunne sitte på brygga og nyte kaffi, kaker eller prøve seg på ein smak av Sognefjorden. Ein kunne tilby blant anna sursylta laks og lakserull. Båten Bjordal stod klar til å frakte dei som ville ut til Ecomerden, der ein kunne få oppleve fôring av stamfisken. RIB-båten var svært populær blant særleg dei unge, som fekk leike seg utpå fjorden med fart og spenning.
Ein smak av Sognefjorden
Dagleg leiar for Osland Havbruk, Erik Osland, fortel kvifor dei hadde lyst til å arrangere ein slik dag. – Vi har lyst til å vise anlegget til folk rundt oss som er nysgjerrige. Vi får mykje spørsmål og meiner derfor at openheit er viktig.
Erik Osland var godt fornøgd med både oppmøtet og innsatsen til dei tilsette på Open dag
Vidare fortel Osland at ein slik dag kan hjelpe dei til å bli flinkare med omdømebygging. Sidan dagen vart suksess, ser han ikkje vekk i frå at dei lagar fleire slike arrangement i framtida.
Det var tydeleg at folk som deltok på Open dag var begeistra. Dei tykte at eit slikt arrangement var kjekt for bygda, og meinte det var flott at Osland Havbruk investera og utvikla lokalsamfunnet.
Tekst og foto: Hanna Rørtveit
by Osland | Apr 2, 2019 | Aktuelt, Osland Genetics
Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet. Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland.
– Hybrid er den beste løysinga der landstrøm ikkje er mogleg, seier driftsleiar Sverrir Valdemarsson i Osland Stamfisk AS, – Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.
Sjølve monteringa på flåten skjer no i april, mens FAT og opplæring er gjennomført på Austevoll.
– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv»,
Jan Erik Søreide
Sals- og marknadssjef, Østerbø Maskin AS
Bilete: FAT og opplæring i testlokalet til Electro Automation Austevoll. Her var representantar frå Osland Stamfisk, Electro Automation Austevoll og Østerbø Maskin tilstades.Frå venstre: Gunnar Gryte, Daniel Tveit Haugland, Jan Erik Søreide, Øyvind Berntsen og Sigve Gokstad
Generator + «Batterator»
Østerbø Maskin AS er leiande på strømaggregat og Electro Automation Austevoll AS har utvikla batteripakken «Batterator». Saman har dei solid erfaring frå havbruksnæringa og når dei no slår hovuda sine saman blir resultatet ei optimal løysing for hybrid drift av fôrflåtar.
– Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift,
Sverrir Valdemarsson
Driftsleiar, Osland Stamfisk AS
Mange fordelar med hybrid fôrflåte
Til vanleg utnyttar eit flåteaggregat gjerne berre 15-20% av effekten fordi det må vere dimensjonert for å takle dei store toppane i eit forbruk med stor døgnvariasjon. Ved å kombinere generatoren med «Batterator» vil den no gå med optimal last når det er i gong. Generatoren vil forsyne flåten med det den treng og samtidig bruke overskotet til å lade «Batterator». Når batteria er fullada vil dei forsyne flåten og generatoren slåast av. Dette fungerer saumlaust og automatisk og gir optimal drift, døgnet rundt, heile året.
– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv», seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS. – Så denne løysinga er faktisk vinn-vinn for både miljø og økonomi på sikt.
Fokus på tryggleik
Electro Automation Austevoll er svært nøgd med leveranse av «Batterator» til Osland, og leverer her eit batterisystem som er dimensjonert tilsvarande størrelsen på generatoren. Batteria som blir nytta er DNV godkjente for bruk i fartøy. Dei er blant dei tryggaste batteria på marknaden og innehar ein batterikjemi utan tungmetallet kobolt.