Heilårleg rognleveranse eitt steg nærare

Heilårleg rognleveranse eitt steg nærare

Stabil tilgang på rogn også i seinsesong er viktig for oppdrettarar av regnbogeaure. No har Osland teke nok eit viktig steg i rett retning med lovande resultat frå eit pågåande FoU-prosjekt.

I sommar har Osland for første gong levert rogn heilt ut i juli som del av eit målretta utviklingsprosjekt. Målet er å tilby heilårleg rognleveranse med høg kvalitet og forutsigbar produksjon.

– Dette er viktig for alle som satsar på aure. Det er etterspurnad i marknaden, og no byrjar vi å sjå resultat, seier Andreas Berge, salsleiar i Osland Genetics.

Rogn
Kristoffer, Phillip og Henrikke klargjer julirogn til kunde

Christoffer Gundersen, Phillip Kudor og Henrikke B. Oppedal gjer klar leveranse med juli-rogn

Tilbakemeldingane på rogna så langt har vore svært gode:

– Kvaliteten har vore stabil og betre enn vi forventa for denne tida på året, seier Henrikke B. Oppedal, fagkoordinator avl og FoU i Osland Genetics. – Vi har utvikla ein metode som fungerer godt på våre stammer, og kundane kan vere trygge på kvaliteten.

Neste steg blir å skalere opp volum og sikre føreseieleg produksjon, med balanse mellom fiskevelferd og kundebehov.

– Den lange sesongen set kundane våre veldig pris på, og vi gledar oss til vi kan tilby dette til fleire kundar i åra framover, avsluttar Berge.

Adress

Osland Brygge
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL
NORWAY

post@osland.no

Cookie policy

Privacy policy

 

Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA

Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA

Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA

Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA

Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA

Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA

Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.

Osland satsar på aure

Osland satsar på aure

Osland styrker eiga satsing med å reindyrke eigen aurestamme 

– Vi går tilbake til røtene våre, seier daglig leiar Erik Osland om at Osland no skal satse på aure aleine. Gjennom avlsarbeidet vårt har vi to aurestammer og svært god kunnskap om aure. Det er denne rogna vi no skal ta vidare gjennom heile produksjonen til mat.

aureRogn

Regnbogeaure

Det var regnbogeaure det starta med for snart 60 år sidan, og det er naturleg å satsa vidare på dette inn i framtida. Prosessen er alt i gong med å legge om produksjon frå laks til aure i alle ledd. Dette er ei endring som går gradvis og det vil framleis bli produsert laks ei stund til.

Ved å satse målretta på aure kan Osland jobbe for å bli gode og bli den leverandøren andre går til for aure. Dei blir stabile i marknaden og kan levere jamt veke etter veke i stadan for å veksle mellom aure og laks slik som i dag.

Kvalitet i alle ledd

Selskapet seier dei skal videreutvikle og heve den globale akvakulturnæringen, gjennom å bidra med kunnskap, avl, genetikk og teknologi. Målet er å anerkjenne den norske auren, både nasjonalt og internasjonalt.

Fjord trout
Osland logo

Ny merkevare

Som ledd i strategien vart ny merkevare lansert for dei tilsette onsdag kveld. Osland skal no framstå som meir heilheitleg utad med felles logo og visuell profil for alle selskap. Heile vegen i «breed to feed».

Samtidig skal avlsselskapet Osland Stamfisk AS i løpet av sommaren skifte namn til Osland Genetics AS.  – Vi er kanskje ikkje så store, men vi tenker stort. Marknaden vår er internasjonal så vi må heile tida utvikle oss for å følge med. Aure er ein robust, flott fisk og ikkje minst knakande god avsluttar Osland.

 

Resultat 2019

Resultat 2019

Osland Havbruk: resultat på 88,31 mill. kr

Osland Havbruk AS rapporterer sitt driftsresultat på 88,31 mill. kr og 70,65 mill. kr etter skatt. Omsetninga til selskapet var 421,1 mill. kr.

  • Resultatet for 2019 er eit resultat av god drift, kontroll på produksjonen og lite svinn.
  • Gode førebyggande tiltak som har resultert i færre behandlingar mot lus. Lokalitetar som berre har vore gjennom 1-2 avlusingar på ein generasjon
  • Vi er ein solid gjeng med tilsette som alle arbeider for felles mål.
  • Gode samarbeid gjennom samdrift og nettverk som Salmon Group og Godfisken.
  • Selskapet investerer i betre produksjonsfasilitetar som skal bidra til å sikre drift

Osland Havbruk sine dotterselskap er i god utvikling.

Osland Settefisk: ny hall viser att i rekneskapen

Kjetil Rørtveit og Erik Osland

Kjetil Rørtveit og Erik Osland

Osland Settefisk AS rapporter sitt driftsresultat på 5,35 mill. kr med ordinært resultat på 522 801. Omsetninga til selskapet var 65,55 mill. kr. Selskapet har i 2019 ferdigstilt nytt produksjonsanlegg.

Osland Settefisk driv godt og kan no skreddarsy ein settefisk etter havbruket sine ynskje. Resultatet er prega av auka utgifter og store avskrivingar på det nye anlegget, og det vil ta nokon år før vi er i full produksjon

Osland Stamfisk: satsing på avl

Rogn aure

Osland Stamfisk AS rapporterer sitt driftsresultat på -7,56 mill. kr, og -8,2 mill. kr etter skatt. Omsetninga til selskapet var 150,29 mill. kr. Selskapet er i oppbygging og har i heilhet overtatt utvikling av avlsmateriale for Osland konsernet.

Osland Stamfisk sitt resultat er prega av at vi er i ein oppbyggingsfase, der vi først om nokon år vil oppnå gode resultat når vi har fått bygd opp vår eigen avlskjerne. Selskapet overtok Ilsvåg-materiale ved utgangen av 2019, og skal utvikle avl på aure vidare med et solid utgangspunkt.

Osland utvidar satsinga på avl av regnbogeaure

Osland utvidar satsinga på avl av regnbogeaure

Osland Stamfisk AS og Ilsvåg Holding AS har i 4 år samarbeida godt om utvikling og avl av regnbogeaure. No overtek Osland Stamfisk Ilsvåg-stammen noko som synleggjer satsinga vår på avl og genetikk. Etter overtakinga sit Osland Stamfisk no med to avlslinjer som begge er med i familieavlsprogram leia av Nofima.

Ilsvåg skal halde fram med settefiskverksemd (produksjon av yngel, settefisk/aure/laks frå rognstadiet), som har vore Ilsvåg sin hovedbeskjeftigelse i alle år.

Hausten 2019 identifiserte forskarar hos Nofima ein QTL for IPN i Osland-stammen. Denne vert teken i bruk i marknaden frå 2021. Samstundes arbeider vi med og integrere  QTL som verktøy også i Ilsvåg-stammen.

Stamfisk

Osland Stamfisk satsar målretta på avl av regnbogeaure

Osland Stamfisk vil i framtida ha stamfisk både i PO2 og PO4. Vi testar og ut ny teknologi med å ha stamfisk i lukka merd i sjøen, og vi investerer for å kunne ha heile syklusen på land. Kombinasjon av tradisjonelle merder, lukka merder og produksjon på land er ei sikkerheit for at vi kan tilby kundane våre eit optimalt avlsmateriale i åra som kjem.

Gjennom ei målretta satsing har Osland bygt eit regionalt team rundt stamfisksatsinga. Med to aure-stammar å bygge vidare på skal vi tilby ein regnbogeaure som skal styrke kundane våre i Norge og utlandet.

Team Osland treng fleire driftsteknikarar >>