Dåp av Osland sine to nye båtar

Dåp av Osland sine to nye båtar

Fredag 12. oktober skein sola over bygda og gradestokken synte mest 20 grader. Ei flott ramme for dåp av 2 nye båtar hjå Osland Havbruk.

Næringa utviklar seg, og vi treng stadig utviding og oppgradering av produksjonsutstyr, slik at vi kan sikre produksjonen og ha god biologisk kontroll. Med to nybygde båtar er vi godt rusta for framtida.

Bjordal og Cornelia til kai på Osland

“Bjordal” og “Cornelia” til kai på Osland

“Cornelia”

“Cornelia”, levert av Moen Marin, er ein arbeidsbåt på 13,5 meter lengde og er 7,5 meter brei. Båten er rigga med kran som løfter 1 tonn på 31 meter lengde, og med ei maskin på 380 hk som gir ein marsjfart på 13,8 knop. Denne båten skal driftast av Osland Stamfisk og vil bli lokalisert i Sandeidfjord i Rogaland.

Namnet Cornelia tyder ansett/velansett. Gudmor Cornelia Øren Osland, som er fjerde generasjon Osland Havbruk, ynskte båt og mannskap hell og lykke på alle hav.

Osland Havbruk sin nye båt

“Cornelia” på veg ut Fuglsetfjorden

“Bjordal”

“Bjordal”, bygd i Tyrkia i samarbeid med Norse Ship building. Dette er ein ny generasjon båt for Osland Havbruk. Ein arbeids-/sørvisbåt med stort arbeidsdekk, lugar og opphaldsrom med alle fasilitetar for mannskapet. Båten er 14,98 meter lang, 10,5 meter brei. To kraner, høvesvis 77 tonnmeter og 18 tonnmeter, to maskiner på 490 hester kvar. Båten er bygd i stål og er og rigga for ankehandtering.

Namnet Bjordal er historisk og har vore brukt i tidlegare tider på ein båt som var viktig for bygdene i kommunen. Gudmor Marta Brekke døypte båten og ynskte hell og lukke for mannskap og selskap.

Open dag på Torvund

Open dag på Torvund

Osland Havbruk arrangerte 11. juli open dag på Torvund for bebuarar i nærområdet. Det var rundt 25 besøkande som valde å ta turen innom. 

Det er varmt og lummert i lufta, og på kaia ved Fagernes feriesenter står det to båtar klare til å frakte besøkande til og frå flåten på Torvund. Ute på flåten vart ein tatt i mot av Eva Ynnesdal og Marina Jafelice. Dei fortalte om drifta til Osland Havbruk på Torvund og svarte på spørsmål i frå dei besøkande.

Velkommen ombord

Marina Jafelice og Eva Ynnesdal står klare på flåten for å ta i mot dei besøkande

Ein god lokalitet

Visningsdag på Torvund

Paul og Henny Torvund var svært positive til at ein slik open dag vert arrangert for hus-og hytteeigarar på Torvund

Osland Havbruk etablerte anlegget på Torvund våren og sommaren 2017 og sette ut fisk på 120 gram i august. Torvund er ein god lokalitet for produksjon av laks og aure og vi er no starta å slakte på fisken i anlegget. Vi arrangerer opne dagar på anlegga våre slik at publikum kan komme og få informasjon om drifta vår.

Kjekt å sjå

Ekteparet Henny og Paul Torvund, som er med i Torvund og Aven grendelag, var einige i at ein slik open dag bidrog til at dei som tok turen, fekk sjå anlegget i frå ei anna og meir positiv side. – Vi syns det var kjekt å få sjå korleis alt fungerte ute på anlegget, fortel dei.

 

Utan mat og drikke…

Visningsdag på Torvund Visningsdag på Torvund

Då dei besøkande kom på land, kunne tilsette i frå Osland Havbruk friste med grilla oppdrettsaure og potetsalat. Dette fall i god smak hjå både skeptikarar og fiskeelskarar.

Visningsdag på Torvund

Det vart servert grilla regnbogeaure frå Osland Havbruk med potetsalat

Tekst og foto: Hanna Rørtveit