by Osland | Aug 7, 2026 | Ledig stilling, Team Osland
Har du praktisk sans og lyst på ein arbeidskvardag på sjøen?
Vi søker driftsoperatør til eit eittårig vikariat på anlegget vårt på Skigelstrand. Her blir du ein del av den daglege drifta med fisk, båt, anlegg og vedlikehald.
Du treng ikkje ha jobba i havbruk før. Vi ser først og fremst etter deg som er praktisk anlagt, tek ansvar og har lyst til å lære.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ettersyn og røkting av fisk
- Drift og vedlikehald av anlegg, utstyr og fartøy
- Delta i ulike arbeidsoperasjonar gjennom produksjonssyklusen
- Enkelt teknisk arbeid og praktisk problemløysing
- Overvaking, registrering og rapportering
- Følge opp HMS, kvalitet og rutinar på anlegget
- Vere med på å finne gode og praktiske løysingar i kvardagen
Kva ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- er praktisk anlagt og likar fysisk arbeid
- har teknisk interesse og forståing
- er trygg på eller har erfaring med båt
- tek ansvar og får ting gjort
- kan arbeide sjølvstendig, men også trivst som del av eit lag
- beherskar norsk munnleg og skriftleg
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du har fagbrev innan akvakultur, mekaniske fag, elektro eller andre relevante fag. D6, kran- og sikkerheitskurs er også positivt.
Vi tilbyr
- 100 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast stilling
- Rotasjon 12–9
- Ein praktisk og variert arbeidskvardag
- Opplæring og gode moglegheiter til å utvikle deg i faget
- Eit erfarent fagmiljø og gode folk å jobbe saman med
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontakt og søknad
Har du spørsmål om jobben?
Ta kontakt med driftsleiar Hege Skigelstrand på 994 72 729 eller hege.skigelstrand@osland.no.
Send CV og nokre ord om deg sjølv til jobb@osland.no.
Søknadsfrist: 31.08.26
Søknader blir vurderte fortløpande.
Velkommen til Team Osland
I Team Osland jobbar rundt 70 personar med ulik bakgrunn og kompetanse. Nokre har høgare utdanning, andre er praktikarar med mange års erfaring. Vi trur dei beste løysingane kjem når ulik kunnskap og erfaring jobbar saman.
Sidan 1963 har vi arbeidd med regnbogeaure, frå avl og genetikk til smolt og matfisk. Kunnskap, kvalitet og vilje til å utvikle oss vidare står sentralt i måten vi jobbar på.
Form the origin.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
by Osland | Jun 10, 2026 | Ledig stilling, Osland Genetics, Team Osland
Osland søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbogeaure basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast gjennom eit familiebasert avlsprogram i samarbeid med NOFIMA. Regnbogeauren vår veks raskt, er robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap med fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn. Vi held til på Osland Brygge i Bjordal og mesteparten av produksjonen til Osland er i og ved Sognefjorden.
Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt
Arbeidsoppgåver
- Handtering av stamfisk
- Produksjon av rogn
- Fôring og stell av fisk
- Dagleg vedlikehald
- Teknisk tilsyn
- Journalføring og rapportering
Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å utvikle framtidas aure. Du vil ha ein variert arbeidskvardag, der du håndterer stamfisk både i sjø og på land gjennom heile året. I rogneriet vil du ta del i befruktning og produksjon av rogn fram til levering til kunde. Du vil også delta i teknisk drift av anlegga våre. Vi søker deg som er engasjert, løysingsorientert og trivst med fysisk og variert arbeid, både inne og ute.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag er ynskjeleg
- Erfaring kan vege opp for formell utdanning
- Teknisk og biologisk forståing
- Strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- Spennande arbeidskvardag i nye fasiliteter og godt arbeidsmiljø
- Varierande arbeidsoppgåver
- Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
- Hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet
Send CV og kort søknad til solveig@osland.no, merk med driftsoperatør genetics.
Søknadsfrist 1.juli 2026, Søknadane blir vurdert fortløpande
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!
Osland AS er eit av landets eldste akvakulturselskap og har hovudkontor i Bjordal, ved Sognefjorden. Vi har omlag 70 tilsette og konsernet består av driftsselskapet Osland Havbruk AS, matfiskprodusenten Osland Seafood AS, genetikkselskapa Osland Genetics AS og Osland Genetics Leikanger AS og settefiskprodusenten Osland Settefisk AS. Saman utgjer dette ei heilskapleg verdikjede for Osland-auren.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
by Osland | Apr 26, 2026 | Ledig stilling, Osland Settefisk, Team Osland
Osland søker etter teknikar til RAS-anlegg på Sørebø
På Sørebø har vi bygd 2 hallar med RAS-anlegg. Som driftsteknikar er du med i gjengen som driftar dette og føl opp teknisk utstyr som gjer at vi får fisken frå rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Drift og oppfølgjing av RAS anlegg
- Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
- Teknisk tilsyn
- Journalføring og rapportering
- Delta i utbyggingsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Fagbrev/utdanning innan relevant fag
- Teknisk og gjerne biologisk forståing
- Strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
- Søkjarar med erfaring frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- Interessant jobb i godt arbeidsmiljø
- Moderne anlegg og utstyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
- Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjonsordningar
Søk via Lederhuset: Søknadsskjema
Søknadsfrist 12.mai, søknader blir vurdert fortløpande
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!
Osland Settefisk er dotter-selskap til Osland AS. Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt, og er i dag 16 tilsette.
by Osland | Jul 6, 2025 | Ledig stilling, Team Osland
Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.
Osland har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter dyktig driftsoperatør som skal drifte lokalitetar i Sognefjorden.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av lokalitetane og fartøy
- Overvaking og rapportering
- Dagleg ettersyn av fisk og anlegg
- Forbetringsarbeid på anlegget
- Rapportering av produksjonsdata og registrering/oppfølging av avvik
- Delta i ulike driftsoperasjonar gjennom produksjonssyklusen
- Ta aktiv del i kvalitetsarbeid, Internkontroll og HMS-arbeid
Kvalifikasjonar
- Teknisk interesse og forståing
- Båt-kyndig med praktisk erfaring
- D6, kran, sikkerheitskurs er ønskeleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
- Fagbrev er eit pluss men ikkje krav
- Søkarar med mekanisk- og elektrokompetanse blir oppmoda om å søke
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- 9-5-5-2 ordning med arbeid kvar tredje helg
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Kontakt
Søknadsfrist: Snarast, søkarar blir vurdert fortløpande
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!
Osland AS er eit av landets eldste akvakulturselskap og har hovudkontor i Bjordal, ved Sognefjorden. Vi har omlag 70 tilsette og konsernet består av driftsselskapet Osland Havbruk AS, matfiskprodusenten Osland Seafood AS, genetikkselskapa Osland Genetics AS og Osland Genetics Leikanger AS og settefiskprodusenten Osland Settefisk AS. Saman utgjer dette ei heilskapleg verdikjede for Osland-auren.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
by Osland | Apr 21, 2022 | Aktuelt, Osland Genetics, Osland Havbruk, Osland Settefisk, Team Osland
Osland styrker eiga satsing med å reindyrke eigen aurestamme
– Vi går tilbake til røtene våre, seier daglig leiar Erik Osland om at Osland no skal satse på aure aleine. Gjennom avlsarbeidet vårt har vi to aurestammer og svært god kunnskap om aure. Det er denne rogna vi no skal ta vidare gjennom heile produksjonen til mat.
Regnbogeaure
Det var regnbogeaure det starta med for snart 60 år sidan, og det er naturleg å satsa vidare på dette inn i framtida. Prosessen er alt i gong med å legge om produksjon frå laks til aure i alle ledd. Dette er ei endring som går gradvis og det vil framleis bli produsert laks ei stund til.
Ved å satse målretta på aure kan Osland jobbe for å bli gode og bli den leverandøren andre går til for aure. Dei blir stabile i marknaden og kan levere jamt veke etter veke i stadan for å veksle mellom aure og laks slik som i dag.
Kvalitet i alle ledd
Selskapet seier dei skal videreutvikle og heve den globale akvakulturnæringen, gjennom å bidra med kunnskap, avl, genetikk og teknologi. Målet er å anerkjenne den norske auren, både nasjonalt og internasjonalt.
Ny merkevare
Som ledd i strategien vart ny merkevare lansert for dei tilsette onsdag kveld. Osland skal no framstå som meir heilheitleg utad med felles logo og visuell profil for alle selskap. Heile vegen i «breed to feed».
Samtidig skal avlsselskapet Osland Stamfisk AS i løpet av sommaren skifte namn til Osland Genetics AS. – Vi er kanskje ikkje så store, men vi tenker stort. Marknaden vår er internasjonal så vi må heile tida utvikle oss for å følge med. Aure er ein robust, flott fisk og ikkje minst knakande god avsluttar Osland.
by Osland | Aug 2, 2020 | Aktuelt, Osland Settefisk, Team Osland
Vilde Hagen Myrmel takkar for seg etter å ha jobba på Sygna dei siste 7 somrane.
Vilde, som er fødd og oppvaksen på Leikanger, byrja å jobbe på Sygna sommaren 2014, og har trivst så godt at ho har vore der alle somrane fram til no.
– Det er eit veldig triveleg arbeidsmiljø her på Sygna, med kjekke kollegaar som kjenner kvarandre godt. Også er det mykje variert og fysisk arbeid som eg er glad i, seier ho.
I tillegg til å ha brukt mykje av somrane sine her, valde Vilde å jobbe på Sygna det første året etter vidaregåande også. Har dei trengt hjelp i feriar eller ved spesielle behov, slik som i vår, stiller ho sjølvsagt gjerne opp. Ho tykkjer denne arbeidserfaringa har vore veldig lærerik.
– Eg kunne jo ingenting når eg begynte, så eg har jo lært alt her. Oppdrett er jo noko ikkje så mange veit så mykje om, vertfall i min omgangskrets. Så det er litt kjekt å lære om det, for det er jo ein stor bransje, fortel ho.
24-åringen har budd og studert i Bergen dei siste fire åra, i vår leverte ho ein bachelor i sosialt arbeid og er no ferdig utdanna sosionom. Ho byrjar i jobb allereie 3.august på NAV Årstad i Bergen, og gler seg svært mykje til nye utfordringar, men innrømmer at Sygna kjem til å bli sårt sakna.
– Eg sakna det jo alltid litt når eg ikkje er her. Viss eg klarte å komme meg heim igjen til Leikanger på ein torsdag i studietida, så kunne eg fort stikke ned til anlegget å ta ei vaffel og ein kaffi på fredagen, ler ho.
Team Osland takkar Vilde for innsatsen ho har bidrege med på Sygna og ønskjer ho lykke til vidare i hennar nye jobb.
Tekst: Hanna Rørtveit