Osland søker etter driftsoperatør til fôringskontoret i Bjordal som vil vere med å forme verdas beste regnbogeaure!

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.

Osland har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter deg som har interesse for biologi og ønsker å sikre optimal fôring av auren vår på kontoret i Bjordal. Dette er ein spennande kontorjobb kor du vil bidra til nøkkelprosessar i produksjonen som f.eks. fôring, fôrbestilling og å optimalisere produksjonen. Du vil også kunne vere med å påverke fôringsstrategiane til Osland Havbruk og delta i ei gruppe kor vi jobbar tett saman for å utvikle oss med ønsket om å bli best på fôring i landet.

Vi ser etter deg som er fokusert, opptatt av å skape gode resultat med teamet ditt og kommuniserer godt.

Arbeidsoppgåver

  • Overvaking av fôring og utvikling av strategiane våre
  • Fôrlogistikk
  • Oppfølging og rapportering av produksjon- og lokalitetsmålsettingane
  • Dagleg kommunikasjon med driftsteknikarar sjø på lokaliteten du fôrar
  • Kalibrere fôringssystem
  • Overvake miljø i sjø
  • Registrere nedetid/oppetid på teknisk utstyr og avvik i Incontrol.
  • Dagleg registrering i Mercatus Farmer
Foringsrom
Best of breed

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og/eller formell kompetanse innan havbruk, biologi eller akvakultur
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode datakunnskapar
  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og pliktoppfyllande
  • Løysingsorienterte og strukturert i det daglege arbeidet

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Moglegheit for turnusordning
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Aure

Kontakt

Søknadsfrist: snarast, søknader blir vurdert forløpande. Send søknad og CV til jobb@osland.no.

For nærmare informasjon om jobben, ta kontakt med Ole Kristian.

Ole Kristian Høyland Olsen

Produksjonsleiar havbruk

+47 941 48 147
 
Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Osland-konsernet er eit av landets eldste akvakulturselskap og har hovudkontor i Bjordal, ved Sognefjorden. Vi har 67 tilsette og ei årleg omsetning på omlag 700 millionar kroner. Konsernet består av matfiskprodusenten Osland Seafood, driftsselskapet Osland Havbruk AS, genetikkselskapq Osland Genetics AS og Osland Genetics Leikanger AS og settefiskprodusenten Osland Settefisk AS. Saman utgjer dette ei heilskapleg verdikjede for Osland-auren.

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla...

Driftsoperatør

Driftsoperatør

Osland søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbogeaure basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene...

Lærling

Lærling

Osland søker etter lærlingar til sjølokalitetane våre i Sognefjorden. Bli med og forme verdas beste regnbogeaure!Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har...

Adress

Osland Brygge
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL
NORWAY

post@osland.no

Cookie policy

Privacy policy

 

Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA

Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA

Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA

Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA

Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA

Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA

Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.