Osland søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Som driftsoperatør hos Osland Genetics, avd Sygna vil du vere med på å produsere stamfiskrekrutter av våre to genetiske linjer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast gjennom eit familiebasert avlsprogram i samarbeid med NOFIMA. Regnbogeauren vår er hurtigveksande, robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap til fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn.

Avd. Sygna er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Røkting og stell av klekkeri, startfôring og påvekstavdelinger
  • Merking og vaksinering av smolt
  • Dagleg vedlikehald
  • Teknisk tilsyn
  • Journalføring og rapportering
  • Stillinga inngår i vaktordning
  • Bistå andre produksjonseiningar i Osland Genetics ved behov (stryking av rogn, sortering av stamfisk, testslakt m.m.)
Rogn frå aure
Sjekke vasskvaliteten

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag
  • Teknisk og biologisk forståing
  • Strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Erfaring med rør-arbeid, hammar og sag blir vektlagt positivt

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling i vakt/turnusordning
  • Spennande arbeidskvardag i godt arbeidsmiljø
  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjonsordningar
the water

Kontakt

Thoralf Solberg

Managing Director Osland Genetics AS

+47 907 38 499
thoralf@osland.no

Send søknad til thoralf@osland.no, merk med driftsoperatør genetics.

Søknadsfrist 30. april 2024, Søknadane blir vurdert fortløpande

Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt