Osland søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbogeaure basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast gjennom eit familiebasert avlsprogram i samarbeid med NOFIMA. Regnbogeauren vår veks raskt, er robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap med fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn. Vi held til på Osland Brygge i Bjordal og mesteparten av produksjonen til Osland er i og ved Sognefjorden. 

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt

Arbeidsoppgåver

  • Handtering av stamfisk
  • Produksjon av rogn
  • Fôring og stell av fisk
  • Dagleg vedlikehald
  • Teknisk tilsyn
  • Journalføring og rapportering
  • Stillinga inngår i vaktordning

Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å utvikle framtidas aure. Du vil ha ein variert arbeidskvardag, der du håndterer stamfisk både i sjø og på land gjennom heile året. I rogneriet vil du ta del i befruktning og produksjon av rogn fram til levering til kunde. Du vil også delta i teknisk drift av anlegga våre. Vi søker deg som er engasjert, løysingsorientert og trivst med fysisk og variert arbeid, både inne og ute.

Rogn frå aure
Kristoffer, Phillip og Henrikke klargjer julirogn til kunde

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag er ynskjeleg
  • Erfaring kan vege opp for formell utdanning
  • Teknisk og biologisk forståing
  • Strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling med vaktordning
  • Spennande arbeidskvardag i nye fasiliteter og godt arbeidsmiljø
  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
  • Hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet
Sorterer stamfisk ørret

Kontakt

Thoralf Solberg

Managing Director Osland Genetics AS and Osland Genetics Leikanger AS

+47 907 38 499
thoralf@osland.no

Send CV og kort søknad til thoralf@osland.no, merk med driftsoperatør genetics.

Søknadsfrist 6. august 2025, Søknadane blir vurdert fortløpande

Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin i Team Osland. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.

Ledig stilling: Teknikar settefiskanlegg

Ledig stilling: Teknikar settefiskanlegg

Osland søker etter teknikar til RAS-anlegg på SørebøPå Sørebø har vi bygd 2 hallar med RAS-anlegg. Som driftsteknikar er du med i gjengen som driftar dette og føl opp teknisk utstyr som gjer at vi får fisken frå rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med...

Driftsoperatør Leikanger

Driftsoperatør Leikanger

Osland søker etter driftsoperatør på Leikanger. Bli med og forme verdas beste regnbogeaure.Som driftsoperatør hos Osland Genetics Leikanger er du med på å produsere stamfiskrekrutter av våre to genetiske linjer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast...

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla...

Adress

Osland Brygge
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL
NORWAY

post@osland.no

Cookie policy

Privacy policy

 

Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA

Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA

Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA

Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA

Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA

Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA

Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.