Osland AS har varsla oppstart av detaljreguleringsplan for utviding av kanalen frå Eidesfjorden til Østerbøvatnet. Dette er eit viktig steg for å styrke fiskevelferda ytterlegare og legge til rette for framtidsretta næringsaktivitet.
Formålet med planarbeidet er å opne opp for at brønnbåtar kan segle inn til settefiskanlegget via sjøvegen, noko som gir endå tryggare og meir skånsam transport av smolt. I dag skjer all transport på ein rasutsett og smal vegstrekning. Ei løysing via sjø vil bidra til både betre fiskevelferd, lågare transportbelastning og meir robust drift.
– Dette er eit framtidsretta grep som skal sikre både fisken vår og logistikken vidare framover. Vi ser det som ein naturleg del av å utvikle lokal verdiskaping og drive meir effektivt, seier Marianne N. Bøe, utviklingsleiar i Osland AS.
Utviklingsplanar for næringsområdet
Reguleringsplanen omfattar også vidare utvikling av næringsareala rundt kaiområdet på Søreide. Det gir rom for framtidig ekspansjon, betre logistikk og mogleg samarbeid med andre aktørar i regionen. Slik håpar vi prosjektet med Straumen vil komme resten av næringslivet til nytte og vere positivt for heile området.
Praktisk informasjon om planarbeidet
- Tiltakshavar: Osland AS
- Område: Straumen og Søreide, Høyanger kommune
- Frist for innspel: 22. august 2025
- Kontaktperson: Marianne Notøy Bøe – marianne@osland.no – tlf. 92 45 03 26
- Fullstendig planvarsel og dokumentasjon:
Meir på Høyanger kommune si nettside >
- Varselet er i samsvar med Plan og bygningslova § 12-8