Ledig sommarjobb for motiverte ungdommar som vil vere del av det “blå taktskiftet” i sommar.

I Team Osland får du vere med på heile prosessen frå stamfisk og rogn til yngel og smolt, vidare til matfisk på sjølokalitet. Vi har opne merder, lukka merder og landbaserte anlegg. Det er mogleg med jobb på sjø, på landanlegg og på kontrollrom.

Vi tek inn sommarvikarar på Sygna, i Bjordal og på Sørebø.

 
Send ein kortfatta søknad til jobb@osland.no innan 15. mars 2023. Merk søknaden med kor du helst ønsker jobb: matfisk, settefisk, stamfisk.