Stabil tilgang på rogn også i seinsesong er viktig for oppdrettarar av regnbogeaure. No har Osland teke nok eit viktig steg i rett retning med lovande resultat frå eit pågåande FoU-prosjekt.
I sommar har Osland for første gong levert rogn heilt ut i juli som del av eit målretta utviklingsprosjekt. Målet er å tilby heilårleg rognleveranse med høg kvalitet og forutsigbar produksjon.
– Dette er viktig for alle som satsar på aure. Det er etterspurnad i marknaden, og no byrjar vi å sjå resultat, seier Andreas Berge, salsleiar i Osland Genetics.


Christoffer Gundersen, Phillip Kudor og Henrikke B. Oppedal gjer klar leveranse med juli-rogn
Tilbakemeldingane på rogna så langt har vore svært gode:
– Kvaliteten har vore stabil og betre enn vi forventa for denne tida på året, seier Henrikke B. Oppedal, fagkoordinator avl og FoU i Osland Genetics. – Vi har utvikla ein metode som fungerer godt på våre stammer, og kundane kan vere trygge på kvaliteten.
Neste steg blir å skalere opp volum og sikre føreseieleg produksjon, med balanse mellom fiskevelferd og kundebehov.
– Den lange sesongen set kundane våre veldig pris på, og vi gledar oss til vi kan tilby dette til fleire kundar i åra framover, avsluttar Berge.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.