Likar du deg best ute, med sjøsprøyt i håret og varierte arbeidsoppgåver?
Bli del av vårt arbeidslag med ansvar for drift av servicebåt i 2:3 turnusordning.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg driftsoperatør av Osland Havbruk AS sine båtar og fartøy i serviceflåten.
- Servicetenester til lokalitetane
- Drift og vedlikehald av båt og sjølokaliteter
- Overvaking og rapportering
- Inspeksjoner og reingjøring av nøter, ringar og anna utstyr
Kvalifikasjonar
- Båtkyndig med praktisk erfaring
- Løysingsorientert med HMS-fokus
- Fagbrev innan akvakultur eller maritimefag
- Mekanisk kompetanse og erfaring fra sevicebåt er ein fordel
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
- Søkjarar med erfaring frå sjølvstendig arbeid og frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje
- Ynskjeleg med relevante kurs og sertifikat, f.eks. båt, kran og D6 sertifikat
- Erfaring med drift og vedlikehold av notspyler
Vi trur på at forskjellar i bakgrunn, utdanning og perspektiv gjer oss betre. Om du er usikker på om du kvalifiserer til stillinga, søk likevel. Still oss spørsmål og gjerne vis oss kven du er.
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- God turnusordning med stabil rotasjon
- Turnusordning: 2 veker på / 3 veker av, Osland Havbruk med base på servicefartøy lokalisert i Bjordal, Sogn og Fjordane.
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
- Bedriftshytte og andre gode velferdstilbod
Kontakt
Søknadsfrist: 10.01.26
Legg ved CV-en din og send en søknad til monica@osland.no
Tal ledige stillingar: 5
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!
Form framtida. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett.
Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt
Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS, Osland Genetics Leikanger AS, Osland Settefisk AS, Osland Seafood AS og Osland AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.
