Osland søker etter driftsleiar som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.
Vi søker no etter driftsleiar ytre som skal drifte lokalitetane på Sørevik og Torvund i Sognefjorden.
Arbeidsoppgåver
- Sikre god drift på lokalitetar i området inkl. båt og utstyr
- Journalføring og oppfølging av dagleg drift
- Opplæring og organisering av tilsette og vikarar
- Følge opp innkjøp og svare for budsjett
- Sikre at HMS-rutiner vert følgde
- Følgje opp i prosedyrar, risikovurderingar, retningslinjer og avvik handtering
- Følgje opp vedlikehald på flåte, aggregat, fôringsanlegg
- Vere ein god rollemodell, bygge kultur og vinnarlag
- Følgje opp og rapportere på lokalitetsmålsettingar og anna driftsrapportering
- Planlegge notskift, spyling, avlusing osv.
- Revisjon, sette seg inn i akvakulturforskrifta og Nytek etc.
- Deltar i leiargruppe sjø
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå arbeid på sjø
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
- Fagbrev eller høgare utdanning innan havbruk
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Bedriftshytter og andre gode velferdstilbod
Kontakt
Søknadsfrist: snarast
Send søknad og CV til ole.kristian@osland.no
Osland-konsernet er et av landets eldste akvakulturselskap og har hovudkontor i Bjordal, ved Sognefjorden. Vi har 67 tilsette og ei årleg omsetning på omlag 700 millionar kroner. Konsernet består av matfiskprodusenten Osland Havbruk AS, genetikkselskapet Osland Genetics AS og settefiskprodusenten Osland Settefisk AS. Saman utgjer dette ei heilskapleg verdikjede for Osland-auren.
Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA
Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA
Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA
Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA
Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA
Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.