Som driftsoperatør matfisk har du Sognefjorden for dine føter. Det blir nok dagar der du kjenner naturkreftene tett på kroppen, men du verda så fint me har det på jobb når vårsola smyg seg over fjella og liene grønkast. Du jobbar med drift og vedlikehald på lokalitetane og er del av eit fagleg team som syter for at fisk og anlegg har det optimalt året rundt. Eit allsidig arbeid med mykje frisk luft.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av sjølokalitetane
  • Overvaking og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan akvakultur eller relevant erfaring
  • Teknisk interesse og forståing
  • Båt-kunnig med praktisk erfaring
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling, mogleg skiftordning
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Kontakt

Eva Ynnesdal gir meir informasjon og tek i mot søknader

Telefon  975 51 709
E-post  eva@osland.no

Søknadsfrist: 16. februar

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden tufta på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 53 tilsette og ei årleg omsetning på rundt 500 mill. kr.