Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Osland Havbruk har produsert laks og aure sidan 1963, vi har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter dyktige driftsoperatørar som skal drifte lokaliteten i Skigelstrand.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av sjølokalitetane samt fartøy
  • Dagleg oversyn og drift både tradisjonelle og moderne semi-lukka merder
  • Overvaking og rapportering

fjord
Team Osland

Kvalifikasjonar

  • Teknisk interesse og forståing
  • Båt-kyndig med praktisk erfaring
  • D6, kran, sikkerheitskurs er ønskeleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Fagbrev er eit pluss men ikkje krav
  • Søkarar med mekanisk- og elektrokompetanse blir oppmoda om å søke.

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dagtid med arbeid kvar tredje helg
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.

Aure

Kontakt

Søknadsfrist: 1. august, søkarar blir vurdert forløpande. Send søknad til post@osland.no

Robin Jarnes

Produksjonsdirektør Havbruk

+47 94 85 85 53
robin@osland.no

Gunnar Gryte

Driftsleiar Skigelstrand

+47 907 61 153
gunnar@osland.no

Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!