Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.

Osland Havbruk har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter dyktige driftsoperatørar som skal drifte tradisjonelle sjølokalitetar men også ny teknologi som semilukka merder i Bjordalsområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av sjølokalitetane samt fartøy
  • Dagleg oversyn og drift både tradisjonelle og moderne semi-lukka merder
  • Overvaking og rapportering
Sognefjorden
Team Osland

Kvalifikasjonar

  • Teknisk interesse og forståing
  • Båt-kyndig med praktisk erfaring
  • D6, kran, sikkerheitskurs er ønskeleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Fagbrev er eit pluss men ikkje krav
  • Søkarar med mekanisk- og elektrokompetanse blir oppmoda om å søke.

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er denne staben som utgjer Osland.

Aure

Kontakt

Søknadsfrist: Snarast

Robin Jarnes

Produksjonsdirektør Havbruk

+47 94 85 85 53
robin@osland.no

Osland logo
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!