På Sørebø har vi bygd to hallar med RAS-anlegg. Som driftsteknikar er du med i gjengen som driftar dette og føl opp fisken frå rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og fôring og stell av fisk.

Arbeidsoppgåver

  • Fôring og stell av fisk
  • Drift av RAS anlegg
  • Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
  • Teknisk tilsyn
  • Journalføring og rapportering
  • Stillinga inngår i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag
  • Erfaring med RAS anlegg /prosessteknologi
  • Teknisk og biologisk forståing
  • Strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling i vakt/turnusordning med moglegheit for skiftordning
  • Interessant jobb i godt arbeidsmiljø
  • Moderne anlegg og utstyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjonsordn.

Kontakt oss

dagleg leiar Kjetil Rørtveit

Telefon  416 84 036
E-post  kjetil@osland.no

Søknadsfrist: 15. desember
Send søknad og CV på e-post til post@osland.no

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Settefisk er ein del av Osland-konsernet og produserer stor kvalitetssmolt. Produksjonen vår er på nytt og moderne settefiskanlegg på Sørebø, Midtneset og Sygna. Vi har konsesjon på 7,5 mill. smolt, og er i dag 16 tilsette.

Følg oss på Instagram: