Fast 100 % stilling i Team Osland – med fjorden som kontor

Er du fiskehelsebiolog og klar for å ta ansvar, vere tett på produksjonen og vere del av ei næring i utvikling? I Osland får du vere med å produsere sunn og berekraftig mat – og bli ein nøkkelperson for fiskehelse og velferd i eit sterkt fagmiljø.

Vi søker deg som vil vere fagleg spydspiss og operativ ressurs. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre god fiskevelferd, systematisk helsestyring og oppfølging på tvers av lokalitetar i vakre Sognefjorden og Vindafjorden. Velkomen til Team Osland!

Kvardagen din hos oss

  • Du blir fiskehelseansvarleg i selskapet – med ansvar for førebyggande, diagnostisk og systematisk fiskehelsearbeid.
  • Du følgjer opp drifta tett – og er mykje ute i felt, i tett dialog med drift og personell på merdekanten.
  • Du er bindeledd mellom selskap og sektormyndigheiter og har ein sentral rolle i beredskap, regelverkstolking og faglege avgjerder.
  • Du bidreg inn i forsking og utvikling (FoU), og implementerer nye løysingar og kunnskap i praksis.
  • Du har ansvar for helseplanar, vaksinasjon, prosedyrar og opplæring av tilsette innan fiskevelferd og hygiene.
  • Du jobbar tett med driftsleiarar, avlsansvarleg, KHMS og produksjonsleiing.
Team Osland
Sortering stamfisk

Vi ser etter deg som:

  • Er initiativrik, strukturert og til stades – både på merdkanten og framfor skjermen.
  • Har ei tydeleg rolleforståing, evne til å sjå heilskap og ta sjølvstendige avgjerder.
  • Trivst med å samarbeide på tvers av fag og driftsområde, og likar å formidle kunnskap og bygge gode relasjonar.
  • Har gode kommunikasjonsevner, og trivst med varierte arbeidsdagar i eit arbeidsmiljø der fag og praktisk arbeid går hand i hand.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan fiskehelse (bachelor eller mastergrad) eller veterinær.
  • Alternativt anna relevant utdanning (fiskerifag, akvakultur) med dokumentert erfaring frå tilsvarande rolle.
  • Kjennskap til næringa og praktisk erfaring med fiskehelsearbeid i sjøbasert oppdrett.
  • Gode datakunnskapar og systemforståing.
Aure
fjord

Vi tilbyr

  • Fast 100 % stilling i eit framtidsretta konsern med lang historie og heile verdikjeda frå rogn til matfisk.
  • Gode utviklingsmoglegheiter og påverknadskraft i ei rolle med høgt fagleg ansvar.
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår.
  • Arbeidsstad i Bjordal, og lokalitetar ved Sognefjorden og Vindafjorden.
  • Vi hjelper deg gjerne å finne bustad om du ønskjer å flytte til området.

Kontakt oss

Send oss CV og søknad via finn.no før 1. august. Søknader blir vurdert fortløpande.

Ta gjerne kontakt for ein prat om jobben:

Robin Jarnes

Managing Director Osland Havbruk AS

+47 94 85 85 53
robin@osland.no

Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Form framtida. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS, Osland Genetics Leikanger AS, Osland Settefisk AS og Osland Seafood AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk Bjordal

Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla...

Ledig stilling: salgs- og merkevareleder

Ledig stilling: salgs- og merkevareleder

60 år med genetisk presisjon, kvalitet og vekst – nå søker vi deg som vil ta Oslands salgsarbeid og merkevare til neste nivå. Siden 1963 har Osland utviklet og bevart Norges eldste ørretstamme, og skapt optimale vekstvilkår for rogn og smolt. Resultatet er en robust,...

Adress

Osland Brygge
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL
NORWAY

post@osland.no

Cookie policy

Privacy policy

 

Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA

Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA

Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA

Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA

Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA

Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA

Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.