Som fôroperatør hos oss jobbar du i sjølve hjarta i Osland havbruk – fôringssentralen på Osland brygge. Teknologien på dette området er i stadig utvikling og vi tek i bruk det nyaste nye innan teknologiske løysingar. Du har overblikk på lokalitetane både over og under vatn og har dagleg samspel med gjengen på merdekanten.

Arbeidsoppgåver

  • Fôring av fisk via sentralfôring
  • Registrering av relevante data
  • Overvaking og rapportering
  • Dagleg kontakt med lokalitetane

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan akvakultur eller relevant erfaring
  • Forståing for biologi og teknologi
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling, vaktordning
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Kontakt oss

Eva Ynnesdal gir meir informasjon og tek i mot søknader

Telefon  975 51 709
E-post  eva@osland.no

Søknadsfrist: 16. februar

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden tufta på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 53 tilsette og ei årleg omsetning på rundt 500 mill. kr.