Som innkjøpar i Team Osland er du del av administrasjonen som bistår drifta med stadig utvikling og oppfølging. Du har med deg ein økonomisk bakgrunn inn i bedrifta og arbeider i rekneskap med innkjøp og faktura. Du er viktig i arbeidet med å overvake, kontrollere og følge opp innkjøp, sal, kostnader og varelager.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i rekneskap med innkjøp og faktura
  • Følge marknadsutvikling på varer og produkt bedrifta treng
  • Overvaking, kontroll og rapportering av kostnader
  • Bistand for salsadministrasjon, med fakturering og salskontroll
  • Kontroll av vareleveransar, varelagerhold

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå kontoradministrasjon og innkjøp
  • Økonomisk utdanning eller bakgrunn
  • Analytisk med interesse for kvalitetssikring og informasjonsinnhenting
  • Forståing for systematisk rekneskapsarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå andre bransjar vert også oppmoda om å søkje

Vi tilbyr

  • 100 % fast
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Kontakt oss

Marte Sleire Hatlevik gir meir informasjon og tek i mot søknader

Telefon  482 46 195
E-post  marte.hatlevik@osland.no

Søknadsfrist: 16. februar

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden tufta på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 53 tilsette og ei årleg omsetning på rundt 500 mill. kr.