Osland Havbruk er i stadig vekst og ynskjer å utvide leiargruppa med ein produksjonsleiar som skal drive og utvikle selskapet sin produksjon ved matfisklokalitetane. Vi ser etter deg som kan vidareutvikle produksjonen gjennom å ha fokus på kommersielle moglegheier, effektivisering og kostnadskontroll. Du vil ha overordna ansvar for alle lokalitetane innan sjøproduksjonen, også resultat og personalansvar. Kulturen i selskapet er jordnær og uhøgtideleg og det er viktig å kunne produsere og utvikle gjennom samhandling og god dialog. Stillinga rapporterer til dagleg leiar og inngår i leiargruppa i Osland Havbruk. Produksjonsleiar Sjø vil ha ansvar for 30 tilsette, 4 direkte rapporterende.  Arbeidsstad er Bjordal, 12 mil nord for Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av matfiskproduksjonen ved Osland sine åtte lokalitetar i Sognefjorden herunder sikre optimal produksjon i forhold til MTB.
  • Overordna ansvar for produksjonsutstyr, båtar og alt utstyr til bruk i matfiskproduksjon, herunder og båter og intern sørvisbåt
  • Ansvar for innkjøp og oppfølging av budsjett, prosjekt og leverandørar
  • Sikre gode og trygge arbeidsplassar gjennom fokus på HMS og god personalleing
  • Bidra aktivt inn i leiargruppa og være ein aktiv sparringspartner for daglig leiar i forretningsmessige spørsmål
  • Handtere myndigheitskontakt og rapportering etter ei kvar tid gjeldande krav

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskeleg med høgare utdanning innan produksjon/logistikk eller havbruk, men relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Leiarerfaring frå produksjonsverksemd, helst havbruksnæringa eller næringsmiddelproduksjon
  • Kunnskap om berekraftig matproduksjon
  • Sterk på IT og bruk av dataverktøy

Personlege eigenskapar

  • Operativ og kommersiell med god kremmerånd
  • Løysingsorientert, rasjonell og effektiv
  • Open, jordnær og uhøgtidleg
  • Nøyaktig og strukturert
  • Tydelig kommunikator med fokus på gode relasjonar internt

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige lønsvilkår 
  • Ein spennande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke
  • Arbeide i fantastiske omgjevnader i Sognefjorden
  • Om ynskjeleg bistand til å finne bustad i Bjordal eller omegn

Kontakt

Liv K. Braathen, Partner Bønes Virik

Telefon  488 49 499
E-post  liv@bonesvirik.no

Søknadsfrist: 12. januar 2020

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Logo Settefisk

Osland Havbruk AS er eit av landets eldste fiskeoppdrettselskap og er 100% lokaleigd av tredje generasjon Osland. Selskapet har hovudkontor i Bjordal, Høyanger kommune. Osland Havbruk har fire matfiskkonsesjonar, dotterselskapet Osland Stamfisk har tre stamfiskkonsesjonar, og Osland Settefisk har tre settefiskkonsesjonar. Konsernet har tilsammen 53 tilsette, og ei årlig omsetning på rundt 500 millionar.