Marte Sleire Hatlevik er til dagleg økonomi- og administrasjonsleiar i Osland Havbruk. Salmon Group er eit nettverk for lokale oppdrettsselskap langs norskekysten. Hovudoppgåva er å sikre selskapa best mogleg drifts- og rammevilkår. Nettverket sikrar eigarane gode innkjøpsavtalar der ein samla oppnår stordriftsfordeler. I tillegg jobbar selskapet med aktivitetar som styrker nettverket sin kompetanse og fagleg utvikling.

Tom Jarle Bjørkly frå Mortenlaks forset som styreleiar, og Vibecke Bondø fra Salmonor held fram som nestleiar. Per Arne Dahle, fra Aqua Farms Vartdal, fortset i styret.  Henrik Melingen frå Austevoll Melaks og Marte Sleire Hatlevik er nye i styret.

Erik Osland har vore styreleiar i Salmon Group i fleire år og Osland Havbruk ynskjer no Marte Sleire Hatlevik lukke til med det viktige arbeidet som Salmon Group gjer for dei lokaleigde oppdrettsselskap langs norskekysten.