Hels på vår nye kollega, Theis Bue, som er tilsett som arbeidsleiar hjå Osland Stamfisk.

Theis er 42 år, fødd og oppvaksen i Danmark og utdanna innan akvakultur på fagskulenivå. Osland Stamfisk er inne i ei spennande nybrotstid der vi skal utvikle, ekspandere og ta dei to aurestammane våre eit steg vidare. Theis blir ei viktig brikke i dette arbeidet med si erfaring frå  LetSea sin forskingsstasjon på Dønna på Helgelandskysten.

Theis flyttar til bygda no i sommar og har med seg kona Lena som har fått jobb i Bjordal barnehage. Guten deira Magne på ni år skal byrje i 4. klasse ved Bjordal skule. Han fortel at han gledar seg til å bli kjent med sine nye klassekameratar.

Theis og familien flyttar inn i ein nybygd firmannsbolig på Søreide. Osland Stamfisk vil rose Sørsida Sag for satsinga på eit slikt leilegheitsbygg.