Fiskeoppdrettspioneren frå Bjordal nytta deltakinga på messa Aqua Nor i Trondheim til å kjøpe to nye Ecomerder. Desse vil om kort tid bli tatt i bruk på lokalitetar i Sognefjorden.
Osland Havbruk har dei siste ti åra tatt mange grep for å gjere selskapet meir bærekraftig, mellom anna gjennom produksjon av stor smolt på land og elektrifisering av forflåtar og bilpark. No tar selskapet med base i Bjordal nye steg inn i framtidas havbruk, og dagleg leiar og eigar Erik Osland fortel at investeringa i Ecomerder kjem som eit ledd i ei større satsing.
– Kjøpet av dei to nye Ecomerdene har samanheng med arbeidet vi alt har gjort innan settefisk. I dei moderne anlegga våre på Sørebø og på Hermansverk har vi svært god kontroll på produksjonen, og med postsmolt i Ecomerder på sjø vil vi også få meir kontroll der. Det vil gjere oss betre i stand til å produsere laks med ei planlagt slaktevekt tilpassa marknaden.
Osland Havbruk kjøpte tidlegare i år ei Ecomerd på 22 000 m3 som har blitt nytta til å huse stamfisk ved lokaliteten Ura i Bjordal. Blant fordelane som Ecomerdene, som har ein lukka alumininiumskonstruksjon og tett dukpose, byr på er redusert dødlegheit og lusepåslag.
– Fiskevelferd er noko vi tar på største alvor, og med løfta vi har tatt på settefisksida dei seinare åra har smolten vår fått meir stabile forhold og betra vekstvilkår. No er vi i ferd med å gjere tilsvarande grep på sjø. Fisk som har det godt veks og godt, så det er definitivt i vår interesse å ta vare på dei maritime husdyra våre.
Dei to nye Ecomerdene som skal leverast til Osland Havbruk vil vere på 30 000 m3 kvar, og er med det dei største som til no har blitt produsert av selskapet Ecomerden AS. Merdene vil kunne produsere opp til fire millionar postsmolt i året. Når postsmolten har fått ei vekt på eitt kilo vil den bli flytta over i ordinære sjømerder.
– Vi er alltid på utkikk etter nye verktøy som kan hjelpe oss i arbeidet med å produsere ein smak av Sognefjorden på ein meir forutsigbar og bærekraftig måte, og i den samanhengen har vi stor tru på og alt gode erfaringar med Ecomerden. Dette er eit av fleire grep vi har tatt på området, men dette er eit forbetringsarbeid der ein aldri kjem heilt i mål, så vi kjem til å fortsetje med å sjå etter nye løysingar. Det skjer utruleg mykje spanande i næringa om dagen, og ein kan finne framtidsretta innovasjon nær sagt over alt. Vi i havbruksnæringa står samla i arbeidet om skape eit meir bærekraftig fiskeoppdrett, og er klare til å ta i bruk dei gode løysingane som blir lanserte.