Gjennom stipendordningar og gratis bustadar håpar Osland Havbruk å bli ein attraktiv arbeidsgjevar for unge arbeidstakarar – Berre hopp i det, seier sommarvikar Søgni Wiik. 

 – Vi vil gje ungdomen eit tilbod her hos oss. Difor tilbyr vi alle, spesielt lokale ungdomar sommarjobb når dei er ferdig i tiandeklasse. Det seier Geir Helge Østerbø, samfunnskontakt i Osland Havbruk før han held fram; – Då får vi moglegheit til å bli kjende med dei, og dei som trivst kan søke opp att til neste år. Det er flinke ungdomar, og den innsatsen håpar vi at skal gje oss mykje tilbake. I tillegg til å tilby sommarjobbar, har Osland Havbruk ei stipendordning for dei som vel å investere framtida si i næringa. Dei tilbyr også dei som treng ein plass å bu gratis leige rett ved Osland Brygge. – Vi er avhengige av folk med kompetanse. I dag har vi stipend for yrkesvegen, men i framtida må vi kanskje ut på høgskular og liknande. Vi er nøydde til å investere i ungdomen for å sikre oss kompetanse, også i framtida. Opprettsnæringa handlar ikkje berre om å kaste noko fisk i fjorden og kalla seg oppdrettar. Vi treng kompetanse i alt frå biologi til meir praktisk drift. Vi som jobbar her no er trass alt byrja å dra på åra, seier Østerbø med eit smil.

Ytresogn

Saka stod på trykk i Ytre Sogn 6. august 2019

– Hopp i det

Og investeringa ber alt frukter. Stina Leirnes og Søgni Wiik er døme på det. Leirnes har teke i bruk stipendordninga til Osland Havbruk, og Søgni Wiik studerer master i fiskehelse i

Denne saka var på trykk i lokalavisa Ytre Sogn.Bergen. I sommar har ho jobba hos Osland, og brukt leilegheita dei tilbyr. Leirnes er klar på at ordninga har vore svært positiv. – Den hjelper meg med finansiell støtte gjennom skulegangen, mot at eg kjem tilbake og jobbar her som lærling når eg er ferdig med skulen. Eg har lenge visst at det var dette eg ville jobbe med, stipendordninga var difor utruleg positiv. Den hjelper meg å finansiere draumen, seier Leirnes og held fram. – No er eg ferdig med eit år på naturbruk på Mo landbrukskule, og så skal eg til Måløy og fullføre skulegangen til hausten. Etter det vender eg snuten heim for å vere lærling her, det gler eg meg til. Wiik oppfordrar alle som sit på gjerde til å hoppe i det, og prøve seg fram. – Eg hadde eigentleg lyst å bli tannlege, men på grunn av sommarjobb på oppdrettsanlegg fann eg ut at det var dette eg ville satse på. Leirnes er einig: – Sommarjobb er fint. Det gir deg moglegheit til å lære meir om deg sjølv og kva du passa til. 

 – Det er ingen plass å rømme frå sola når du er ute på fjorden

 Åtte jenter og åtte gutar, i alt 16 ungdomar, har sommarjobb fordelt på Osland Havbruk sine anlegg. 

Ungdom i sommarjobb

F.v.: Søgni Wiik, Stina Leirnes, Håkon Østerbø, Helene Søreide, Emil Førde og Hanna Rørtveit trives alle som sommarvikarar hjå Osland Havbruk i Bjordal.

– Vi kan ikkje klage på tilværet her, seier Hanna Rørtveit og resten av sommarvikar-gjengen ler. 

Ytre Sogn møter ho saman med kollegaane Håkon Østerbø, Helene Søreide, Emil Førde, Søgni Wiik og Stina Leirnes på felleskjøkkenet på Osland Brygge i Bjordal. Rørtveit, som til dagleg studerer journalistikk på Høgskulen i Volda, brukar no sin tiande sommar på rad som sommarvikar hjå Osland Havbruk. I sommar har ho jobba på settefisk og i administrasjon. – Vi får prøvd oss på mykje, og styrer oss sjølv mykje, seier Rørtveit. 

Ein annan sommarvikar er Håkon Østerbø. Han har brukt sommaren på dei ulike anlegga langs Sognefjorden. – Det er ein variert jobb, og ein blir jo veldig brun. Det er ingen plass å rømme frå sola når du er ute på fjorden, seier Østerbø og ler. Han seier jobben er variert, og at kvar dag er ulik. – Det oppstår situasjonar som ein må ta fortløpande. Det kan til dømes vere fjerning av lakselus, eller problem med fôringsanlegget. Det blir eit par telefonar inn til Søgni på fôrsentralen i løpet av ein dag, forklarar han og held fram: – Eg er ferdig på vidaregåande til hausten, etter det skal eg studere. Eg trivst godt med å bruke somrane her, så det kjem eg nok til å gjere i framtida også. 

Tekst og foto: Kyrre Fitje, Ytresogn