Premium aure frå Osland er hovudingrediensen når to erfarne sushikokkar frå SushiTake serverer delikatesser live i studio under Champions Chess Tour-finalen i Oslo 17.–21. desember.

Magnus Carlsen

I den internasjonale finalen møtest dei aller beste, inkludert Noregs eigen Magnus Carlsen, og turneringa når eit stort publikum både her heime og ute i verda. Turneringa arrangerast av Chess.com, den største sjakkplattforma globalt, med over 180 millionar registrerte brukarar.

Magnus Carlsen, chesss.com

Magnus Carlsen og 7 andre finalistar deltek i Champions Chess Tour Finalen 2024 i Oslo. Foto: chess.com

Sushi frå Sognefjorden

– Aure har ein nydeleg tekstur og smak som høver perfekt til sushi, forklarer salssjef Johnny Kalstad hos Osland. Fisken kjem rett frå Sognefjorden og vert filetert lokalt før sushikokkane frå SushiTake tilbereder og serverer den til sjakkeliten i Oslo. Kalstad håpar at smaken av Sognefjorden vil slå an hos både spelarane og publikum, og kanskje tilføre ein frisk, norsk vri på det prestisjetunge arrangementet.

Sjå finalen på TV

Champions Chess Tour består av fire nettbaserte turneringar gjennom året, med den store, fysiske finalen i Oslo no i desember. Sendinga kan du følge på chess.com og på TV2.

Finale

Champions Chess Tour finale Oslo 2024 – chess.com

.