Osland Settefisk

Om oss

Osland Settefisk AS produserer kvalitetssmolt, og har konsesjon for produksjon av 8,5 mill. smolt. Vi har hovudbase på Sørebø ved Østerbøvatnet, ein lokasjon på Midtneset ved Sognefjorden og ein på Sygna ved Leikanger.

Stor smolt

Vi jobbar med å produsere stor og god smolt slik at veksttida i sjø vert kortast mogleg. Dette er svært positivt sidan det blir lettare å ha kontroll på lusa og mindre fare for rømming. Vi set fiskevelferd i fokus og har moderne godt utstyr på anlegga våre.

Satsar på settefisk

Ny teknologi

I 2016 og 2020 opna vi nye hallar på Sørebø og auka dermed kapasiteten vår. Desse inneheld klekkeri, startfôringsavdeling, yngelavdeling og kar. Her tek vi i bruk ny resirkuleringsteknologi som gjer at vi brukar om att 95-99% av vatnet. Slik tek vi vare på temperaturen, noko som er energieffektivt, og skaper eit stabilt miljø. Dette vil gi både økonomiske fordelar og ein betydeleg miljøgevinst.

 

Fleire tilsette

Auka kapasitet på produksjon gir og grunnlag for fleire tilsette. Har du bakgrunn innan aquakultur og/eller praksis innan elektro og automasjon og kunne tenke deg å jobbe på eit moderne settefiskanlegg? Ta kontakt med Kjetil alt i dag! Utlyste stillingar finn du her >>

Avdeling Sygna

Landanlegg

I 2018 kjøpte Osland Stamfisk Marine Harvest sitt settefiskanlegg på Leikanger.

Dei første åra vil Sygna avlaste anlegget på Sørebø med startforing av aure. Planane for Sygna er eit framtidig landanlegg for stamfisk og startforing av aure. Anlegget på Hermannsverk har unik lokalisering i forhold til biologisk risiko. Vi får no moglegheit til å halde delar av stamfiskproduksjonen på land i heile livsyklusen, noko som gir oss moglegheit til å levere rogn heile året.

Kontakt

Osland Settefisk AS

kartmerke Sørebøvegen 447, 5962 BJORDAL
ikon_telefon_mini 57 71 01 83

Kjetil Rørtveit

Driftsleiar

ikon_telefon_mini  57 71 01 83
mobil  416 84 036

epost  kjetil@osland.no

Osland Havbruk AS
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL

57 71 01 02
post@osland.no
osland.no

 

Vi er ELMA-registrert og tek i mot EHF-faktura
Føretaksreg.: 920002218 MVA
Føretaksreg.: 997550641 MVA
Føretaksreg.: 898844412 MVA