Osland Havbruk: resultat på 88,31 mill. kr
Osland Havbruk AS rapporterer sitt driftsresultat på 88,31 mill. kr og 70,65 mill. kr etter skatt. Omsetninga til selskapet var 421,1 mill. kr.
- Resultatet for 2019 er eit resultat av god drift, kontroll på produksjonen og lite svinn.
- Gode førebyggande tiltak som har resultert i færre behandlingar mot lus. Lokalitetar som berre har vore gjennom 1-2 avlusingar på ein generasjon
- Vi er ein solid gjeng med tilsette som alle arbeider for felles mål.
- Gode samarbeid gjennom samdrift og nettverk som Salmon Group og Godfisken.
- Selskapet investerer i betre produksjonsfasilitetar som skal bidra til å sikre drift
Osland Havbruk sine dotterselskap er i god utvikling.
Osland Settefisk: ny hall viser att i rekneskapen
Osland Settefisk AS rapporter sitt driftsresultat på 5,35 mill. kr med ordinært resultat på 522 801. Omsetninga til selskapet var 65,55 mill. kr. Selskapet har i 2019 ferdigstilt nytt produksjonsanlegg.
Osland Settefisk driv godt og kan no skreddarsy ein settefisk etter havbruket sine ynskje. Resultatet er prega av auka utgifter og store avskrivingar på det nye anlegget, og det vil ta nokon år før vi er i full produksjon
Osland Stamfisk: satsing på avl
Osland Stamfisk AS rapporterer sitt driftsresultat på -7,56 mill. kr, og -8,2 mill. kr etter skatt. Omsetninga til selskapet var 150,29 mill. kr. Selskapet er i oppbygging og har i heilhet overtatt utvikling av avlsmateriale for Osland konsernet.
Osland Stamfisk sitt resultat er prega av at vi er i ein oppbyggingsfase, der vi først om nokon år vil oppnå gode resultat når vi har fått bygd opp vår eigen avlskjerne. Selskapet overtok Ilsvåg-materiale ved utgangen av 2019, og skal utvikle avl på aure vidare med et solid utgangspunkt.