Fleire media har den siste tida hatt oppslag om at bedrifter ikkje tilbyr sommarjobb til ungdom. Det vert og hevda at ungdommen ikkje ynskjer jobb om sommaren, og i alle fall ikkje kva slags jobb som helst. I Oslandsystemet er vi no 46 tilsette og 15 sommarvikarar. Vi opplever gode søknadstall til sommarjobbane våre, og ungdommane er både arbeidsvillige og litande. Gir vi ungdommen ei god oppleving av sommarjobben, er dei våre beste ambassadørar.

Team Osland har dei siste åra teke inn ungdom som er ferdig med tiande klasse slik at dei i ung alder får litt arbeidserfaring. Vi opplever at dei fleste vil tilbake til Team Osland sommaren etter, og dei er då gode sjølvstendige sommarvikarar som vi har god hjelp i.

I tillegg rekrutterer vi og sommarhjelper som er i gang med høgare relevant utdanning. Fiskehelsebiologen vår hadde sommarjobb hos oss i studietida og har no vore fast tilsett i tre år. Vi har og ungdommar frå bygda som har starta med sommarjobb hjå oss, og som no er i gang med høgare utdanning med tanke på ei karriere innan fiskeoppdrett i framtida.

Stina Leirnes

Stina Leirnes frå Bjordal er ein av sommarvikarane våre. Ho har hatt arbeidsveke og utplassering hjå Osland Havbruk. Til hausten byrjar ho på vg1 naturbruk på Mo og Øyrane Vidaregåande. Deretter skal ho gå vg2 aqua i Måløy.  Osland Havbruk har inngått stipendavtale med Stina. Det vil seie at ho får økonomisk stønad i studietida for så å bli lærling hjå oss med pliktår etter bestått fagprøve. Stina har båtførarprøva, er litt over snitt interessert i oppdrett og ein god sommarvikar for Osland Havbruk. Vi ser ho kosar seg med sjøsprut og vind i håret.

Kjetil Borlaug

Kjetil Borlaug, 21 år fødd og oppvaksen i Høyanger, har sin første sommar i Team Osland. Han studerer natur, miljø og naturforvaltning ved universitetet i Bø i Telemark. Interessa for berekraftig matproduksjon og utnytting av potensialet som ligg i havet lokka Kjetil til Osland Havbruk. Kjetil deltek i drifta av matfisklokalitetane våre, alt frå fôring, notskift til lusetelling og er ikkje framand for å vinkle utdanninga si meir mot havrommet.

Kjetil Kalstad

Kjetil Kalstad, 22 år frå Bjordal studerer havbruksdrift og leiing ved Nord Universitet i Bodø. Når du er oppvaksen i Bjordal, etter å hatt sommarjobb hjå Team Osland i fleire sommrar, er Kjetil sikker på at han har lyst på ei framtid i denne bransjen. Til hausten skal han til utlandet, kanskje Australia, i fire månader som ein del av studiet. Havbruksnæringa byr på mange spanande jobbar, ikkje berre i Bjordal, Norsk laks er kjent over heile verda.

Endre malar

Som alltid er det noko som skal malast, Endre Østerbø, har fått den jobben som kanskje syner best att når sommaren er over.

Team Osland ynskjer alle god sommar!

Team Osland er ei fellesnemning for tilsette hos Osland Havbruk, Stamfisk og Settefisk.