Team Osland

Lurer du på korleis det er å jobbe med oss? Sjå meir her.

 

Kor finn du oss?

Du finn oss på Vestlandet. Osland AS har hovudkontor på Osland, og konsernet har sjølokalitetar i Høyanger kommune og på Skigelstrand. Vi har landanlegg for settefisk/stamfisk på Leikanger, Sørebø, Osland og Skigelstrand. I Bergen har vi kontor i Gjensidigegården i Sandviken.

Vi skal mette verda med høgkvalitets sjømat.

Kven er vi?

Til saman har om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.

Mange moglegheiter

Frå merdekanten til mikroskopet, frå excelark til sjøsprøyt. Frå messe til rogneri. Hos oss kan du jobbe med det meste i heile livsløpet til auren.

Sushi
Vaksinemaskin
På merdekanten
Messe
Rogn

Eksempel på kompetanse Team Osland
kan ha behov for framover

  • Fiskehelse
  • Røktar
  • Sal og marknad
  • Akvakultur
  • Biologi
  • Elektrikar
  • Tømrar
  • Rørleggar
  • Driftsteknikarar
  • Leiing og økonomi
  • HMS og kvalitet
  • KI
  • Kokk
  • Skippar
  • Maskinteknikk
  • Kjemikar
  • Lærar
  • Automasjon og automatisering
  • Teknologi IT
  • Prosess
  • Ingeniør

Vi skal vidareutvikle og heve den globale akvakulturnæringa. Gjennom å bidra med kunnskap, avl, genetikk og teknologi.

Kva produserer vi?

Vi jobbar med heile livsløpet til aure.

Frå stamfisk der vi jobbar målretta med avl og utvikling for å forme optimal fisk. Vi leverer befrukta aurerogn frå Osland- og Ilsvåg-stammene frå Osland Genetics.

Vidare har vi settefiskproduksjon og leverer yngel og smolt av aure gjennom Osland Settefisk.

Osland Havbruk jobbar med drift av sjølokalitetar. Gjennom Osland Seafood sel vi flott matfisk av aure. Denne endar opp som herlige rettar rundt i heile verda.

  • Rogn
  • Settefisk
  • Matfisk

Tilsette

mill. måltid

land

Open positions

Driftsoperatør Leikanger

Driftsoperatør Leikanger

Osland søker etter driftsoperatør på Leikanger. Bli med og forme verdas beste regnbogeaure.Som driftsoperatør hos Osland Genetics Leikanger er du...

read more

Adress

Osland Brygge
Sørsidevegen 2966
5962 BJORDAL
NORWAY

post@osland.no

Cookie policy

Privacy policy

 

Osland AS
føretaksregisteret: 921968175 MVA

Osland Seafood AS
føretaksregisteret: 920002218 MVA

Osland Havbruk AS
føretaksregisteret: 917786585 MVA

Osland Settefisk AS
føretaksregisteret: 997550641 MVA

Osland Genetics AS
føretaksregisteret: 898844412 MVA

Osland Genetics Leikanger AS
føretaksregisteret: 934958608 MVA

Osland Origin AS and affiliated companies operate in accordance with the Transparency Act.